NRK Meny
Normal

– Eggen har meir å gå på

Tidlegare rosenborgtrenar Bjørn Hansen meiner Eggen har ubrukt potensial før bortekampen mot FCK.

Nils Arne Eggen på Rosenborg-trening på Lerkendal mandag.

BLOMSTRAR: Hansen meiner Eggen har vore rolegare enn vanleg på treningsfeltet, men at han er i blomstring.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

– Han har nok ikkje slått ut i full blomst enno, men han er på veg, seier tidlegare assistenttrenar for Rosenborg, Bjørn Hansen.

Roleg taktikk

Han meiner Nils Arne Eggen hittil har vist seg frå ei rolegare side enn normalt, men at trenarstilen framleis kan endre seg.

– Han har hittil ikkje snudd opp ned på ting, noko som har vore taktisk lurt. Eg synest faktisk han har litt å gå på, seier Hansen.

Han er positivt overraska over at Eggen har lete dei unge, uerfarne spelarane sleppe til.

– Det er veldig bra at ungdommen får køyre seg inn. Rosenborg har mykje å gå på enno, men eg meiner vi går framfor andre lag på det punktet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Lot seg ikke fyre opp

VIDEO: Eggen var i storform då han avslørte lagoppstillinga på pressekonferansen i går kveld.

Kritisk til Solbakken

Hansen meiner kveldens kamp mot FC København er svært viktig for både Rosenborg og resten av fotball-Noreg.

– Vi har alltid meint at viss eit norsk lag har suksess i Europa så er sjansen større for å dra med seg andre lag, seier Hansen, som gler seg stort til å følge med på kveldens kamp.

FCK-trenar Ståle Solbakken meiner laget hans er betre trent enn RBK, men Hansen berre bles av den påstanden.

– Kva ligg det i å vere betre trent? Høgare O2-opptak? Det veit verken eg eller han noko om. Dette er berre eit ledd i den taktiske krigføringa, meiner Hansen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Hansen

SPENT: Timar før avspark mot FCK, kriblar det i magen til den tidlegare assistenttrenaren.

Foto: Johansen, Erik / Scanpix

Tru framfor pengar

Han vil heller ikkje gå med på at pengane er det viktigaste når RBK spelar den siste kvalifiseringskampen før Meisterligaen.

– Drivkrafta for Rosenborg er ikkje først og fremst pengar. I alle år har det vore trua som har drive oss, trua på at «dette skal vi klare». Så kjem sjølvsagt pengane i tillegg.

Han peikar på at Rosenborg ikkje er eit aksjelag, som mange andre fotballklubbar, men ein medlemsklubb.

– Vi har ingen rike onklar å støtte oss til – vi vil gjere det sjølv, seier Hansen.

Følg kampen mellom Rosenborg og FC København på NRK P1 og her på nrk.no/trondelag i kveld frå kl. 20.45.

I mellomtida kan du ta vår RBK-quiz.

Video fra Trøndelag

Det er julebordstid, og uhell kan skje, skal vi tro tannlegene...
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.