Hopp til innhold

– Eg sit med hjartet i halsen kvar gong han er ute på vegen

To vogntog og to personbilar var tysdag involvert i ei ulukke. No er konene til to av dei involverte sjåførane sjeleglade for at mennene deira er komne trygt heim att.

Nina Anita Järvi Nielsen

Kona til lastebilsjåfør Tom Arkalo Nielsen fortel at det var ein grufull telefon å få, då mannen ringde og fortalde om ulukka.

Foto: Marit Langseth / NRK

Mannen til Nina Anita Järvi Nielsen blir omtalt som "dagens helt" på facebook, etter at han vrengde vogntoget sitt i grøfta for å unngå frontkollisjon. To bilar hadde stoppa opp i motgåande køyrefelt, men bakfrå kom ein trailer som ikkje klarte å stoppe. Denne traff eine personbilen før han kom over i motgåande køyrefelt - mot mannen til Nina.

For å berge seg sjølv og dei andre sjåførane køyrde Tom Arkalo Nielsen køyretøyet sitt i grøfta. Kommentarane har komme strøymande på facebook, og Cecilia Johnsen er ei av dei som tok seg tid til å skrive ein kommentar:

– Tusen hjarteleg takk for at du berga livet til mannen min. Utan deg hadde han vore død i dag. Har ikkje ord for kor takknemleg eg er!

Cecilie Johnsen facebook

Såg for seg mannen mosa mellom to trailera

Cecilia sat heime i Bodø då Volvo varsla ho om at ulukkesalarmen i bilen hennar hadde gått av ved Namsskogan. Gjennom media fekk ho bekrefta at det hadde vore ei ulukke. Mannen hennar var i bilen som vart truffe av traileren.

– Eg tenkte med ein gong det verste. Eg såg føre meg mosa bilar og ein mosa mann, rett og slett. Politiet fortalde meg ingenting, og det tok ein heil time før eg fekk kontakt med mannen min, seier Cecilia med gråten i halsen.

Facebook vogntogulukke

Cecilie omtalar lastebilsjåføren Tom Arkalo Nielsen som ein reddande engel, og er evig takknemleg for unnamanøveren hans. Kona til Nielsen er berre glad ho fekk mannen sin heim i live:

– Eg har hjartet i halsen kvar gong han er på vegen. Men ein må lære seg å skyve det til sida og la dei gjere jobben sin, seier Nina.

Grufullt å sitje heime og vente

Nina seier at mannen hennar ofte fortel om liknande situasjonar ute på vegen. Nielsen har aldri vore involvert i noko liknande ulukke før, men han ser mykje rart på vegen:

– Eg ser ein del aktlaus køyring ute på vegen, anten det er farlege forbikøyringar eller mobilbruk som gjer at ein nesten hamnar over i feil køyrefelt, seier lastebilsjåføren.

Tom Nielsen

Tom Arkalo Nielsen fekk seg ei skremmande oppleving på jobb, då eit vogntog kom over i hans køyrefelt. Dette løyste han med å vrenge køyretøyet sitt i grøfta, noko som truleg har redda liv.

Foto: Anne Brekkvassmo

Dette gjer det endå verre for Nina å sitje heime.

–Det å få ein slik telefon som eg fekk i går er noko ein aldri vil oppleve. Heldigvis var det han sjølv som ringde, men eg rekk ikkje roa skikkeleg i meg før han kom heim att i går kveld, seier Nina.

Lukka var også stor hos Cecilia då mannen hennar endeleg kom inn døra.

Cecilia-Adriana Johnsen og Jan Helge Johnsen

Slik såg bilen til Cecilia og Jan Helge ut etter ulukka.

Foto: PRIVAT

– Han måtte jo køyre heilt til Bodø før han var heime. Det var nokre lange timar. Det var ubeskriveleg godt å få han heim att. Han hadde litt vondt i kroppen og var litt oppskrapa på beina – men han var heil. Det var ikkje hans tur denne gongen, seier Cecilia.