Hopp til innhold

– Eg ser annleis på døden no

60-åringen Åge Aleksandersen meiner han har levd eit hardt liv, men han jaktar framleis etter nye utfordringar.

Åge Aleksandersen
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

GRATULERER: Send en bursdagshilsen til Åge!

- Eg er komme dit at viss eg får gjere noko anna, så syns eg det er artig, seier Åge Aleksandersen til NRK Trøndelag

Det siste prosjektet hans var saman med Kringkastingsorkesteret. Dette resulterte i to konsertar på Rockefeller i Oslo.

- Det var veldig artig å spele med Kringastingsorkesteret . Det blei nokre heilt andre lydar rundt øyret.

LES OGSÅ:

Åge Aleksandersen har skrive låtar sidan 1967 og han driv framleis på. Beste låt er ikkje skriven , og den folkekjære trønderen innrømmer at det er annleis å skrive låtar no enn for førti år sidan.

- Det er mykje som rører ved meg som eg kan ta fatt i å skrive om. Eg ser på verda, livet og døden på ein annan måte no, seier Aleksandersen.

Video nsps_upload_2009_3_20_17_24_33_1278.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Han fortel at han no er i ein annan situasjon enn han var i ungdomen.

- No besøker eg venner som er veldig sjuke og eg mister venner eg er glad, så eg kan ikkje halde fram å skrive songar utan å ha med meg dette bakteppet, seier han.

Når han speglar seg om morgonen ser han ein mann som har levd eit langt liv.

- Eg ser ein gamal kaill som har levd eit steinhardt liv. Men eg syns sjølv at eg er sørgeleg lite prega av denne Åge Aleksandersen-verda, seier Aleksandersen.

Hektisk kvardag

Åge Aleksandersen på Sommerfestivalen i Selbu

Åge Aleksandersen er fast innslag på Sommerfestivalen i Selbu kvart år.

Foto: Hans H. Bjørstad

Til sommaren skal Åge Aleksandersen få andre til å danse når han reiser på turné med Sambandet.

– Vi startar 1. juni og er ferdige i midten av oktober og gjer mellom 40-50 konsertar.

I løpet av året vil han også sette i gang ei innsamling til musikarar i Nicaragua som har trong for hjelpemidlar som opptaksutstyr og PC-ar.

I februar 2010 skal ha på turne med Dan Andersson-prosjektet, som han gav ut på plata «Snöharpan», i Norge og Sverige.

- Vi skal ta med alle som spelar på plata, så vi blir elleve mann på scenen. Det gledar eg meg veldig til. I tillegg kjem det ei ny plate med Sambandet våren 2011 og i mellomtida skal eg gjere kring tusen konsertar, ler Aleksandersen godt.

Langfredag sender NRK1 eit portrett av Åge Aleksandersen klokka 2010.

HISTORISKE OPPTAK: Åge-videoer

Åge Aleksandersen
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX