Normal

– Det løner seg å prute også i Noreg

Du kan spare mykje på å lære deg eit par triks om pruting før du går i butikken.

Hvitevarer

– Det er lov å prøve seg. Spør ein ikkje, får ein det ikkje rimelegare, seier pruteekspert Hans Martin Thjømøe. Han fortel at det er mykje å hente om du tek på forhandlingsjakka før du går i butikken.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Vegard Waldal har pruta heile livet

PRUTAR PÅ ALT: Vegard Waldal har pruta heile livet, og får som regel den prisen han vil.

Foto: Idun Fivelstad / NRK
Hans Martin Thjømøe

I DEKNING: Førsteamanuensis Hans Mathias Thjømøe ved BI har lege lågt i terrenget i det siste når det kjem til å snakke om pruting. Han blir nedringt av butikkeigarar som vil tene så mykje som mogleg.

Foto: NRK
Marit Grav Hveding og Brynjar Vikesland

LØNER SEG Å PRUTE: Marit Grav Hveding og Brynjar Sebastian Vikesland ved Expert i Trondheim fortel at det er mange som prutar på elektronikk og kvitevarer.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

– Rekorden min er å få med 27 par ekstra sokkar på eitt kjøp, fortel dagleg leiar ved Digital Impuls i Trondheim, Vegard Waldal.

Det er ikkje berre på ferie i sydlege land at Waldal og andre nordmenn prutar. Me prutar på alt frå klede, elektronikk, kvitevarer, spabehandling, byggemateriale og på prisen for drosjeturar.

Sjølv om mange nordmenn prutar, er det ikkje lenger kultur for pruting i Noreg. Hans Mathias Thjømøe er førsteamanuensis ved BI, og har laga ein eigen pruteskule. Han fortel at det er mykje å hente om du tek på forhandlingsjakka før du går i butikken.

– Eg ser på pris som eit tilbod, og då må kunden kunne kome med eit mottilbod. Mottilbodet er gjerne ein pris som er litt lågare enn den opphavlege prisen, og det kallar nokon for pruting.

Ikkje flautt å prute

– Det er lov å prøve seg. Spør ein ikkje, får ein det ikkje rimelegare. Somme tykkjer dette er litt flautt, men det er jo ikkje det. Ein må likevel sjå an situasjonen litt – ein står ikkje og prutar i kassen på Rimi, altså. Det går ikkje. Det er leverandørane som stikk av med pengane, så det er i så fall dei ein skulle ha pruta med, humrar Thjømøe.

I sydlege land ser ein ofte at både turistar og lokale kranglar høglydt om pris. Thjømøe legg til at det er viktig at prutinga skal gå føre seg i ordentlege former.

– Du kranglar ikkje. Du forhandlar. Om ekspeditøren blir sur, er det berre å gå til butikken over gata, for er det noko det er nok av i Noreg, så er det butikkar, seier pruteeksperten.

Det er vanskelegare å prute på billege varer, men det er pengar å hente om ein handlar stort.

– Det må vere eit beløp av ein viss storleik, og det må vere eit avslag av ein viss storleik, elles er det ikkje så mykje vits i. Men får du pruta av ein tusenlapp på ei vare som kostar 10.000 kroner, så er det nokre flasker med raudvin som er kjekke å ha, det, legg Thjømøe til.

Ein kan prute på nesten alt

Eg har berre svarte sokkar, og eg har aldri betalt for nokon av dei.

Vegard Waldal

For ein vanleg husstand er det mykje ein kan prute på. Og treng du fleire ting frå éin forhandlar, blir det endå lettare å få rabatt.

– Ein kan prute på alt som kostar nokre kroner. Klokker, smykke, sportsutstyr, kvitevarer, PC-ar, TV-ar og anna elektronikk er ting som er lette å prute på, seier Thjømøe.

Marit Grav Hveding og Brynjar Sebastian Vikesland stadfestar at det nyttar å prute på elektronikk.

– Vår kjede skal alltid vere rimelegast, så finn du ei vare som kostar mindre ein annan plass, så får du det til same pris her, seier Hveding. Det er mange som kjem inn og spør om rabatt. Kundane prutar på alt frå vasskokarar til vaskemaskiner til 6000 kroner.

– Får dei det, då?

– Viss ein kjøper ein stor pakke, så ordnar me som regel pakkeprisar, avslørar Hveding.

  • Høyr heile reportasjen frå Norgesglasset her:

Ein treng ikkje nødvendigvis å få avslag i pris når ein prutar. Ein kan også spørje om å få med seg ekstrautstyr eller å få frakta vara ein har kjøpt heim til seg utan å betale for det.

– Om du skal kjøpe bil, er det ikkje uvanleg å få med seg til dømes vinterdekk, GPS-utstyr eller ryggekamera, seier Hans Mathias Thjømøe.

Har aldri betalt for sokkane sine

Sunnmøringen Vegard Waldal har pruta heile livet, og stadfestar Thjømøe sine utsegn.

– Eg er ein håplaus prutar. Eg prutar på alt. Eg har berre svarte sokkar, og eg har aldri betalt for nokon av dei, seier Waldal.

Og når Waldal ikkje får med seg 27 par ekstra sokkar på kjøpet, så prutar han også på prisen.

– Kva kan eg få det for, bruker eg å seie, om det står eit stativ med bukser til 1399 kroner. Då blir det fort 1170 kroner i staden.

Sjølv om Waldal er sunnmøring og har pruta heile livet, hevdar at det ikkje er noko som ligg i familien eller som alle sunnmøringar gjer.

– Prutinga er noko som ligg i ryggmargen. Men det som er forskjellen på ein sunnmøring sin måte å prute på og andre sin måte, er at me skal ha rett produkt til rett pris. Også smiler me etterpå, og då bruker det gå greitt. Sunnmøringar generelt er vel kjende for å vere, ikkje gjerrige, men for å ville ha valuta for pengane, bruker eg å seie, då, avsluttar Waldal.