Hopp til innhold

I strupen på justisministeren: – Arrogant og respektlaust!

Stortingsrepresentant Jon Gunnes (V) meiner justisminister Tor Mikkel Wara svarer arrogant når han ikkje vil gi erstatning til to psykisk utviklingshemma brør som er frålurt 130.000 kroner av verja.

Jon Gunnes (V), Trøndelag

OPP I REGJERINGA: Stortingsrepresentant Jon Gunnes (V) frå Trøndelag vil be ein Venstre-statsråd ta saka opp i regjeringa. (Foto: Privat)

Historia om dei to utviklingshemma brørne i Trondheim, som har tapt 130.000 kroner etter underslag av deira no avdøde verje, har vekt sterke reaskjonar. At staten har avslått å dekka tapet, opprører like mykje.

Det er staten ved fylkesmannen som oppnemner verjer. I denne saka blei mannen, som hadde ein leiande stilling i det offentlege, oppnemnd i 2015. Seinare blei det avdekka at ikkje alle utgifter var dokumentert, og under revisjon blei det funne avvik.

Så døydde mannen, og i dødsbuet var det ingen verdiar att etter at bank, stat og kommune hadde fått dekka prioriterte krav. Brørne nådde ikkje fram med sine krav og måtte tåla eit tap på tilsaman 130.000 kroner.

Kravde erstatning, fekk avslag

Den nye verja krevde at staten skulle erstatta tapet, men Statens sivilrettsforvaltning som administrerer vergemålordninga avslo.

Då reagerte stortingsrepresentant Karin Andersen (SV) som ba justisministeren om skriftleg svar på spørsmål om han ville ta initiativ til å endra reglane slik at personar under vergemål blir sikra mot tap verja har utsett dei for. Tor Mikkel Wara uttrykte eit lite håp om å etablera ei ordning ein gong i framtida når vergemålordninga skal gjennomgåast.

Dette provoserer Jon Gunnes, for han meiner at Wara burde løyst den konkrete saka også.

– Vi som representanter for den lovgivande forsamlinga reagerer når han blir både byråkratisk og ikkje har respekt for den situasjonen som har oppstått, seier Gunnes til NRK.

Gir ikkje opp kampen

No tar han saka vidare.

– For dette hjelper jo slett ikkje dei som er fråstolne pengane sine! Og det er der eg synest det blir arrogant og litt respektlaust, seier Gunnes til NRK.

Verge stjal penger fra funksjonshemmet brødrepar

NÆRMARE 200.000: Verja som skulle forvalte pengane til et mellom andre brødrepar frå Trondheim stal nærmare 200.000 kroner. FOTO: FAKSIMILE

Foto: Faksimile

Han ber no ein av Venstre-statsrådane ordne opp slik at dei to psykisk utviklingshemma brørne får erstatning av Staten.

– Det gjer eg fordi dette er urimeleg!

Han meiner heile prosessen er uverdig for dei to brørne.

– Ja, eg trur det er veldig sårt. Men mest av alt at det ikkje er nokon som reparerer den skaden som har oppstått. For det er mange åpengar for dei to, og eg synest det blir heilt feil signal - og eg tror ingen ikkje ikke synes at dei to skal få tilbake pengane sine.

Wara står framleis på sitt

Justisminister Tor Mikkel Wara held fast ved svaret han ga.

– Det er alltid uheldig når nokon blir utsett for kriminelle handlingar, det gjeld ikkje minst når sårbare personar lir tap. Skadevoldar er ansvarleg både strafferettsleg og økonomisk. Statens sivilrettsforvaltning har vurdert det slik at Fylkesmannen ikkje har gjort feil i denne saka.

– Vi må følgje reglane i tråd med Stortinget sitt vedtak. Vi kan ikkje gi pengar utan det, skriv Wara til NRK.