Hopp til innhold

– AIK vil gjere alt for å gå vidare

RBK-keeper Daniel Örlund trur gamlelaget vil vere offensive i kveld.

Örlund hilser på AIK-kaptein Daniel Tjernström

MOT GAMLELAGET: Daniel Örlund helste på sine gamle lagkameratar i AIK i går. Han trur kveldens kamp kan bli tøff.

Foto: Aksel Kroglund Persson / NRK

– Dei har sagt på førehand at dei vil gå for å lage mål tidleg. Dei køyrer kanskje på frå starten, og då må vi vere flinke til å utnytte det, seier Rosenborg-keeper Daniel Örlund.

– Ingenting å tape

Han gler seg til å spele mot gamle lagkameratar, men vil ikkje undervurdere laget som tapte 0-1 mot Rosenborg for ei veke sidan.

AIK har gått frå topp til botn på eitt år. Rosenborg tronar på toppen av norsk eliteserie, medan stockholmsklubben er nest sist i botnen av tabellen i Allsvenskan. Det betyr ikkje at RBK kan slappe av, ifølgje Örlund.

– Dei kjem nok til å gjere alt for å gå vidare. Ein strekk seg alltid litt når ein spelar mot betre motstandarar, og AIK har ingenting å tape, meiner keeperen.

Fekk ein vekkar på søndag

Søndag slapp Rosenborg inn tre mål mot Haugesund, men klarte likevel å berge sigeren. Keeperen er ikkje uroa over alle måla som gjekk inn feil veg.

– Eg synest det er bra at det hende. Vi fekk ein vekkar, og no byrjar vi om att, seier Örlund.

Returoppgjeret mellom Rosenborg og AIK kan du følgje her på nrk.no/trondelag, og på NRK P1. Kampen startar kl. 20.45.