6000 i bot for å ha kalla politi «megaidiot» og «kuk»

Kvinna i slutten av 20-åra likte ikkje måten politiet gjorde jobben sin på. Som tilskodar til bråk på ein hamburgarrestaurant i Trondheim, kom ho med fleire verbale utfall mot patruljen.

Olav Trygvassons gate

ROPTE IDIOT: Frå andre sida av gata ropte kvinna fleire gonger «idiot og «megaidiot» til politibetjenten. Bota for skjellsorda vart 6000 kroner, eller ti dagar i fengsel.

Foto: Kristin Grønning / NRK

I november i fjor vart ein politipatrulje tilkalla til ein hamburgarrestaurant i Trondheim sentrum. Innanfor var det to gjester som oppførte seg trugande.

Den seinare tiltalte kvinna kjende dei, men var ikkje ein del av konflikten. Saman med ei venninne stod ho på utsida. Der gav tiltalte tydeleg uttrykk for at ho ikkje likte måten politifolka utførte oppdraget på.

Politiet bad henne gå over på andre sida av gata. Frå der ropte ho fleire gonger «idiot og «megaidiot» til politibetjenten.

Han gav beskjed om at ho kunne bli straffa for å snakke slik til ordensmakta og bad henne om å forlate staden.

I handjarn

Dei to kvinnene gjekk då til ein kiosk lenger borte i gata. Like etter kom dei to kjenningane som hadde vore innblanda i bråket på hamburgarrestauranten. Dei hadde vorte viste bort frå byen av politiet. Då mennene i staden gjekk inn på kiosken, kom politiet etter.

Kvinna vart på nytt provosert av det ho kalla det maktmisbruk. Kva tiltalte meinte politiet gjorde feil, går ikkje fram av domen frå Sør-Trøndelag tingrett.

Det som derimot står der er at kvinna på veg ut frå kiosken kalla politibetjenten for «kuk». Då handjarna kom på, endra kvinna oppførsel, byrja å gråte og sa ho ikkje fekk puste.

Ho bad om å få sleppe handjarna, men utan å bli høyrt. Under køyreturen i cellebilen til politihuset trampa ho fleire gonger med føtene. Ved eit tilfelle trefte ho den eine politimannen i låret.

6000 kroner i bot

Tiltalte fortalde i retten at ho ikkje gjorde det med vilje, men at ho fekk eit alvorleg panikkanfall då handjarna kom på.

Aktor ville ha 20 dagars fengsel etter tiltalen om vald og skjellsord mot politiet.

Sør-Trøndelag tingrett frifann henne for valden fordi tiltalte mellom anna er plaga med angst og ikkje har kontroll når ho får panikkanfall.

Derimot sa ho seg skuldig i å ha skjelt ut politiet og at ho gjorde det med kunnskap og vilje, ifølgje domen.

Bota for skjellsorda vart 6.000 kroner, eller ti dagar i fengsel.

I oppheita situasjonar får politiet ofte slengt ublide ord etter seg. Geografiske skilnader og talemåtar kan spele inn. Ein person i Østfold som kalla ein politimann «jævla hestkuk» vart dømd. Mens tilsvarande ordbruk ende med frifinning i Trøndelag.

Trondheim tinghus

IKKJE KONTROLL: Sør-Trøndelag tingrett frifann kvinne for vald, fordi tiltalte mellom anna er plaga med angst og ikkje har kontroll når ho får panikkanfall. Ho må betale ei bot for skjellsorda på 6000 kroner, eller ti dagar i fengsel.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK