To personar er sakna etter at eit småfly styrta i Trondheimsfjorden søndag formiddag. Egil Rygh og sambuaren var 400-500 meter unna staden der flyet styrta.
- Vi var ute og gjekk ein tur då vi brått såg eit fly som kom gjennom lufta som ein korketrekkar. Eg sa til sambuarane min at dette må vera looping, og at dei snart burde begynne å rette opp flyet for å unngå å treffe vassflata. Men rett etter treff flyet fjorden og motoren stoppar, seier Rygh.
Stor redningsaksjon
Ein massiv redningsaksjon blei sett i gang straks etter at flyet styrta.
Egil Rygh var augevitne til det som skjedde.
Sivilforsvaret deltok med 27 mann som kom omlag klokka fire søndag ettermiddag. Dei gjorde søk i strandsona. Folk frå Flyhavarikommisjonen har også komme til ulykkesstaden for å granske ulykka.
Dykkarar frå Trondheim har leitt etter dei sakna, og ein miniubåt skal også settast inn søket.
I løpet av ettermiddagen kom også fleire småbåter til ulykkesstaden og tilbaud seg å delta i redningsarbeidet.
Rygh, som såg flyet treffe vassflata, meiner dei to ombord ikkje hadde nokon sjanse.
- Slik vi såg det var det vanskeleg å komme ut. Det heile gjekk veldig fort, seier Rygh.
Årsaka til ulykka er førebels ikkje kjent, men veret var fint og sjøen stille då flyet styrta.