Hopp til innhold

30 evakuert etter brann på Øysand

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

30 personar er framleis evakuerte etter at det begynte å brenne hos industriverksemda Wee Recykling på Øysand utanfor Trondheim i natt.

Ingen av personar blei skadd, men ifølgje politiet var det gasstankar i bygget og stor eksplosjonsfare.

– Det var stor røykutvikling og vi fekk beskjed om at det var fleire store tankar med nitrogen- og propantankar på staden, seier operasjonsleiar ved Sør-Trøndelag, Birgit Monsås, til NRK Trøndelag.

Evakuerte nabolaget

Politiet fekk melding om brannen litt over klokka halv eitt i natt. Då dei kom til staden, frykta dei først at det kunne skje ein eksplosjon.

– Det var så stor røykutvikling og vi hadde ikkje kontroll over brannen. Vi evakuerte difor dei bebuarane som budde nærmast området, seier Monsås.

Verksemda ligg like ved E39 og vegen var ei stund stengt grunna brannen.

Uviss årsak

Dei 30 personane som blei evakuert bur no på hotell i nærområdet.

– Vi har skaffa overnatting til samtlege som blei evakuert. Dei er innlosjert på eit hotell i nærområdet og vi vil vurdere i føremiddag når dei kan flytte heim igjen, seier Monsås.

Politiet veit ikkje årsaka til at det begynte å brenne. I løpet av dagen vil teknikarar truleg komme til brannstaden.

– Saka vil bli etterforska på vanleg måte, legg Monsås til.