– Menn er dumdristige, seier sexologisk rådgjevar Tore Holte Follestad.
– For i den augneblinken du har gitt frå deg sædcellene dine, mistar du kontrollen over dei.
Det kan ta fem dagar før sædcellene døyr inne i livmora. Før det kan dei, som kjent, vere starten på eit nytt liv. 👶
Tillit
NRK har fått gjort ei undersøking for å kartlegge nordmenns haldingar til prevensjon. Norstat gjorde den for oss. Over 500 personar mellom 18 og 49 svarte.
Undersøkinga viser at 77 prosent av mannfolka i stor eller svært stor grad stoler på sin kvinnelege sexpartnar.
– Eg trur mange menn berre går ut frå at alle kvinner går på prevensjon. Og så er menn kanskje litt dårlege på å spørje, seier Håkon Gravem Isaksen.
Medstudentane Tobias Brox Bordahl og Magnus G. Lund på Dragvoll i Trondheim er einige, og trur mange reknar med at kvinnene tek ansvar.
– Mange gidd ikkje å spørje. Men da er det litt deira eigen feil om dei går på ein smell, seier Bordahl.
4 av 10 menn vil vurdere nytt prevensjonsmiddel
Tilbodet når det gjeld mannleg prevensjon er snevert, for å seie det forsiktig. I dag har menn tre alternativ: Kondom, «hoppe av i svingen» og sterilisering.
Kanskje vil dette endre seg snart. Svenske forskarar har dei siste åra vore i full sving for å utvikle p-gelé – eit hormonelt prevensjonsmiddel for menn. Håpet er at geleen skal kome på marknaden om ikkje altfor mange år.
I tillegg er amerikanske forskarar i gang med å utvikle ei hormonfri p-pille for menn. Arbeidet med denne har ikkje kome like langt.
Ifølge undersøkinga frå NRK, vil 42 prosent av menn mellom 18 og 49 vurdere å begynne på eit nytt, mannleg prevensjonsmiddel.
Men trur kvinner at den mannlege sexpartnaren kan ta ansvaret for å unngå at ho bli gravid?
Meiner du mannen kan ta ansvar for å unngå graviditet?
Kontroll
– Eg trur ikkje eg ville stolt på det, sidan konsekvensen er at ein sjølv skal bere fram eit barn. Eg ville likt å ha kontrollen sjølv, seier Ingrid Røe.
Ho understrekar at det kjem an på den andre personen, om ein er i et forhold og så vidare.
Ifølge spørjeundersøking frå Norstat er det klart færre kvinner som stoler på at menn tar ansvar, enn motsett.
Både Røe og venninnene meiner menn bør sjekke om kvinna dei vil ha sex med brukar prevensjon. For ansvaret for å beskytte seg må dei dele på.
Men dei seier også det er nokon menn som først spør om prevensjon etterpå. Og det kan vere litt seint.
«Eg gidd ikkje»
Sexologisk rådgjevar Tore Holte Follestad seier det i utgangspunktet sjølvsagt er positivt å stole på den du har sex med.
Samtidig meiner han at menn må ta større ansvar for seg sjølv. Da unngår dei stress og uro for om dei har gjort nokon gravide. Eller har pådratt seg ein kjønnssjukdom for den del.
– Kven er det som ikkje har vakna etter ei heftig natt på byen og overnatta hos nokon med litt småangst? «Kva var det eigentleg som skjedde? Brukte eg kondom? Kva skjer no?», seier han, og fortset:
– Det er jo ikkje noko ålreit å få ei tekstmelding kanskje ni månadar etter ein kveld på byen, der du blir fortalt at du har blitt pappa.
Sexolog Tore Holte Follestad meiner det ikkje er noko stort offer for menn å bruke kondom.
Foto: Marit GjellanSamtidig trur han at tilliten som menn har til kvinner kan ha å gjere med måten vi i Noreg og Vesten har snakka om prevensjon. For det har vore mykje fokus på korleis ein kan unngå at nokon blir ufrivillig gravide eller må ta abort.
– Det bodskapet har i stor grad gått til kvinner. Da har menn blitt ein passiv observatør på sidelina og tenkt: «Dette er noko kvinner tar ansvar for, eg gidd ikkje».
Hei!
Så fint du har lest helt hit! Har du innspill saken du har lest, eller andre temaer du mener vi bør se nærmere på? Send oss en epost!
Tidligere har vi blant annet skrevet om:
- Hvordan det gikk da tre ulike kvinner slutta på hormonprevensjon
- Live som brukte ungdomstida til å finne hvilket kjønn hun er
- Hvem som reddet Inger-Lise fra Hitlers gasskammer
Vi vil gjerne høre fra deg!