Foto: NRK Trøndelag.
Spor på ulykkesstaden indikerer at ein nederlandsk bil kom over i motgåande kjørefelt og trefte eit vogntog, som deretter frontkolliderte med bilen til Malvik-mannen.
Både den nederlandske sjåføren og trailersjåføren vart lettare skadde i ulykka. Kollisjonen skjedde like før klokka halv fem, og E6 vart først opna for vanleg trafikk klokka ni på kvelden.