Hopp til innhold

Manglar bustad til 250 internasjonale studentar

Berre ti trondheimsvertar har meldt seg – målet var 200.

Sovesal for nye husløse studenter

NØDHJELP: Her fekk huslause studentar søke ly i fjor.

Foto: NRK/ Henriette Louise Krogness

Torun Hegre

TRENG HJELP: Torun Hegre treng mange trondheimsvertar for å få busett 250 internasjonale studentar innan semesterstart.

Foto: StudiebyEN

– Eg trur det er mykje ubrukt potensiale i Trondheim, seier prosjektleiar for Trondheimsvertene, Torun Hegre i StudiebyEN.

Håpa på 200 vertar

For rundt ein månad sidan starta StudiebyEN jakta på vertar for studentane, men målet om å få 200 sengeplassar er langt unna.

– Førebels har i underkant av ti personar eller familiar stadfesta at dei kan vere vertar. Nokre av dei kan ha fleire enn éin student, men vi treng uansett mange fleire, seier Hegre.

Ho fortel at enkelte av vertane vil ha studentane buande i eit heilt år eller eit semester, medan andre stiller opp på kortare sikt.

Trur på dugnadsviljen

Prosjektleiaren har ikkje mista trua på at trondheimsbefolkninga vil stille opp for studentane.

– Det er stor dugnadsvilje her i byen. Annakvart år arrangerast ISFiT, og då får 450 internasjonale studentar ein stad å bu, mykje takka vere vertar, seier Hegre.

Ho trur at ferietida har gjort at mange ikkje har fått med seg vertsbehovet enno, og trur ikkje det blir krise i år, som i fjor.

– Vi meiner at vertsordninga er ypperleg for alle partar. Studentane blir kjende med norsk kultur og språk, samtidig som det er både eksotisk og lærerikt for familiane.

Dei som verken har hybel eller vertsfamilie ved studiestart kan søke tilflukt på «Tak over hodet», der StudiebyEN garanterer plass til alle.