Hopp til innhold

Etter 24 år som ordførar mistar Oddvar kommunen sin

Blant dei sittande ordførarane i Norge har Oddvar Indergård sete lengst, men i 2020 er det over. Då er Agdenes kommune historie.

Oddvar Indergård, ordfører i Agdenes

Oddvar Indergård har vore ordførar i Agdenes kommune i Trøndelag i 24 år.

Foto: Lise Sørensen / NRK

1. januar 2020 blir 119 kommunar forvandla til 47 nye. Ein veteran innan politikken meiner dette berre er starten.

Etter 24 år som ordførar i Agdenes kommune i Trøndelag takkar Oddvar Indergård for seg.

Agdenes, Orkdal, Meldal og delar av Snillfjord blir omgjort til Orkland kommune. Det same skjer med meir enn 100 andre kommunar i landet.

Gunnar Hoff Lysholm og Oddvar Indergård

Oddvar Indergård (til høgre) saman med tidlegare ordførar i Orkdal kommune, Gunnar Lysholm.

Foto: Lise Sørensen / NRK

– Det er sånn regjeringa vil ha det, seier Indergård.

Og han trur «sentraliserings-trenden» vil halde fram.

Meiner vi berre har sett starten

Indergård sjølv er positiv til nye Orkland kommune, men han trur ikkje 1. januar 2020 er noko punktum for kommunereforma.

– Vi er heilt i starten. Dette vil rulle og gå i mange år framover. Vi har ei sentraliserande regjering, så dei held vel fram med denne trenden.

Og det kan godt vere han har rett.

Frank Jenssen som er fylkesmann i Trøndelag innrømmer at 2020 ikkje er noko punktum.

Frank Jenssen, Erna Solberg og Sigbjørn Aanes

Frank Jenssen (til venstre) saman med partikollegaer Erna Solberg og hennar tidlegare statssekretær Sigbjørn Aanes.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Fylkesmannen er av den oppfatninga at det framleis er behov for å sjå på om kommunesamanslåing er noko fleire trønderske kommunar bør sjå på i framtida.

Jenssen seier at fleire kommunar som tidlegare har fått tilråding om å slå seg saman, veit at fylkesmannen ønsker at saka haldast varm.

Sjå oversikt over alle dei nye kommunane nedst i saka.

Trist, spennande og historisk

Fleire kommunar har gladeleg inngått ekteskap, medan enkelte har blitt tvinga saman.

Snillfjord kommune i Trøndelag blei historiske då dei bestemte seg for å legge ned heile kommunen, og dele seg i tre delar.

1. januar 2020 forlèt Halsa kommune Møre og Romsdal, til fordel for Trøndelag. Det same gjorde Rindal kommune eit år tidlegare.

Nye Orkland kommune har også laga ein musikkvideo for å feire kommunesamanslåinga.

I Sogn og Fjordane spelte NRK inn ein ny versjon av Sogn og Fjordane-songen, som ei julegåve til innbyggjarane.

Samanslåinga mellom Gaular, Førde, Jølster og Naustdal er den mest omfattande, og førre veke tulla nokon med det nye «Sunnfjord»-skiltet. Det splitter nye skiltet blei i løpet av julehelga snudd opp ned. Uvisst kvifor og av kven.

Fleire har også stole gamle kommune- og fylkesskilt.

Identiteten til folk blir igjen

Men sjølv om mange «mistar» kommunen sin, så vil bygdene bestå. Det er Indergård overbevist om.

– Bygdene blir jo liggande der dei er. Identiteten til folk blir igjen sjølv om kommunegrensene blir flytta.

– Identiteten din har med kor du har vekse opp, der du har opparbeida deg ein identitet saman med andre rundt deg. Det har ikkje noko med kommunegrensene å gjere.

– Det som blir nytt er at det blir lenger avstand mellom dei som bestemmer, og innbyggjarane i kommunen, seier den avtroppande ordføraren.