– Dette er ein tøff situasjon for heile instituttet og eg skjøner at mange er urolege for eigen arbeidssituasjon.
Det seier konstituert instituttleiar Ruth Grüters.
For sjølv om 19 tilsette har søkt om sluttpakke er det ikkje nok for å redde den økonomiske situasjonen for instituttet.
– Me har hatt eit håp om å unngå oppseiingar, men det er dessverre sannsynleg at det no blir aktuelt, seier dekan Tine Arntzen Hestbek.
Må kutte 30 årsverk
Alle tilsette ved institutt for lærarutdanning (ILU) fekk tilbod om sluttpakke tidlegare i sommar. Og i går gjekk fristen ut.
I ei pressemelding understrekar universitetet at det ikkje er sikkert at alle som har søkt om sluttpakke får det innvilga.
For dersom ein tilsett har kritisk kompetanse for instituttet si drift vil ikkje personen få sluttpakke.
Når ein tilsett får sluttpakke seier vedkommande frivillig opp stillinga si mot at NTNU utbetaler eit månadleg vederlag i ein periode på ni til 18 månader.
Kven som får sluttpakke og ikkje skal vere klart i slutten av neste veke.
Og totalt må truleg 30 årsverk kuttast frå instituttet.
– Med mange færre studentar og same talet tilsette har me ikkje råd til å oppretthalde det, legg Hestbek til.
Færre studentar og svak finansiering
– Samla sett så har NTNU gått med underskot så langt i år, men alvoret i den økonomiske situasjonen varierer mellom fakulteta.
Det seier Bjørn Haugstad, direktør for organisasjon og infrastruktur ved NTNU.
Og årsaka til den økonomisk krevjande situasjonen på ILU er samansett: Færre studentar, svak finansiering av det femte studieåret for grunnskulelærarutdanninga og generell nedgang i løyvingar til universitetet.
– Prognosane tyder på at nedgangen i løyvingar frå det offentlege vil fortsette i åra framover. Heile UH-sektoren står overfor dei same utfordringane. Det er ikkje berre NTNU som slit, legg Haugstad til.
Førebels er det berre ILU som har gjeve sine tilsette tilbod om sluttpakke. Men det kan fort endre seg dersom den økonomiske situasjonen ikkje blir betre.
– Dette er eit verkemiddel som også blir vurdert ved Fakultet for medisin og helsevitskap. Men me håpar at nedbemanninga ved universitetet kan løysast gjennom andre tiltak, som tilsetjingsstopp, naturleg avgang og kutt i vikarbruk.
Haugstad har trua på at universitetet skal får orden på den økonomiske situasjonen mot slutten av neste år.
– Dei grepa som einingane gjer no skal gje oss sunnare økonomi på sikt. I slutten av 2025/byrjinga av 2026 håpar eg at me skal sjå effektane for alvor. Då har me forhåpentlegvis ridd av det verste, legg han til.