Hopp til innhold

19-åring anmeldt etter å ha servert læraren hasjkake

No risikerar eleven ved Meldal videregående skole fengselstraff på inntil eit år.

Arnt Johansen

Etterforskingsleiar Arnt Johansen bekreftar at dei har anmeldt 19-åringen som serverte læraren sin kake med cannabis.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Vi har anmeldt eleven og held framleis på med undersøkingar, seier etterforskingsleiar Arnt Johansen.

Han står utanfor Orkdal og Agdenes lensmannskontor, ein liten halvtime frå Meldal videregående skole. Det var der lærar Marit Mjøen fekk seg ei ubehageleg oppleving eit par veker tilbake, då ein elev lurte henne til å ete eit kakestykke med cannabis.

Mjøen hamna på sjukehuset, og etter ei urinprøve kunne politiet fastslå at ho hadde fått i seg eit narkotisk stoff.

– Då fornærma låg på sjukehuset foretok vi eit avhøyr med vedkommande, og vi fekk namngitt den mistenkte, seier lensmannen.

Marit Mjøen og Kristi Kringstad

Her er lærar Marit Mjøen på sjukehuset saman med dottera Kirsti Kringstad.

Foto: Privat

Kan medføre straff

Sidan eleven er 19 år er det ingen formilda omstende med tanke på alder, og lensmann Johansen forklarar kva dei eventuelle konsekvensane kan verte:

– Viss det vise seg å vere det vi har fått informert, altså cannabis i kaka, så kan det bli tiltale på bakgrunn av kroppskrenking.

Dersom det vert snakk om kroppskrenking kan det medføre fengselsstraff på inntil eit år, alt etter omstenda. Rektor ved Meldal vidaregående skole, Øyvind Togstad, vil ikkje kommentere eventuelle konsekvensar.

 Øyvind Togstad

Rektor Øyvind Togstad seier at dette er ei svært uvanleg sak.

Foto: Kari Sørbø/NRK

– Saka er under politietterforsking, så vi får sjå kva som skjer ut ifrå den, seier Togstad.

Svært uvanleg sak

Rektor og lensmann er einige i at det er ei svært uvanleg sak.

– Det her er første gongen vi har blitt utsett for noko som dreier seg om narkotika i ei kake, eg trur ikkje det er så mange som har vore utsett for det før heller. Ein skal slutte å la seg overraske over kva som skjer i vidaregåande skular for tida, seier rektoren.

Lensmann Johansen har aldri vore borti etterforsking av ei liknande sak før, og trur ikkje det er mange på landsbasis som har det heller.

– Situasjonen rundt det straffbare forholdet er ganske uvanleg, seier han.

Kor farleg er cannabis?

Lærar Marit Mjøen beskriv hendinga tidlegare i månaden som surrealistisk, og ho hamna på sjukehuset som følgje av fleire ulike symptom. Etter at politiet påviste cannabis i urinen tilbrakte ho ei natt på sjukehuset for å sove av seg rusen.

Seksjonsleiar ved klinikk for rus- og avhengighetsmedisin på St. Olavs Hospital, Erik Strandbakke, fortel at læraren ikkje vil ta skade av dosen:

– Ei dose hasj vil ikkje vere skadeleg for vaksne menneske, det er farlegare for ungdom med tanke på utvikling av hjerne og sentralnervesystem.

– Opplevinga med den ukjende rusen var nok svært ubehageleg, men den vil ikkje vere skadeleg for henne, seier Strandbakke.