NRK Meny
Normal

18 evakuert etter brann

18 personar er evakuert etter ein brann i eit leilegheitskompleks på Kalvskinnet i Trondheim.

Brann Kalvskinnet, Trondheim
Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

Brannen skal ha starta i fjerde etasje i bygården.

– Det er framleis folk på brannstaden som går gjennom leilegheitskomplekset. Brannen er sløkt, men dei vil vere sikre på at brannen ikkje skal blusse opp igjen, seier operasjonsleiar ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Solfrid Legdheim, til NRK Trøndelag.

Såg røyk

Brannvesenet fekk melding om brannen i ei leilegheit i Arkitekt Christies gate 4C rundt klokka 0830 laurdag morgon.

Det var ein forbipasserande som som såg røyk i området. I bygården bur det både familiar og studentar, og faren for at brannen kunne spreie seg til dei andre leilegheiten var til stades.

– Det var aldri fare for at brannen skulle spre seg til nabolaget, men dette er ein bygård med fleire leilegheiter og då er det alltid fare for at brannen kan spre seg til dei, seier Legdheim.

Ingen skadd

18 personane, som blei evakuert, er køyrd til Radisson SAS Royal Garden Hotell og blir tatt hand om der.

To personar blei køyrd til St. Olavs Hospital for ein sjekk.

– Ingen blei skadd, seier Legdheim.

Fleire brannar

Den siste veka har det brunne fleire steder i Trondheim.

Video fra Trøndelag

Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal
Femte året med spel i år