Hopp til innhold

15-åring døydde av kveling

Den førebelse obduksjonsrapporten etter drapet i Skaun slår fast at Oda Moe døydde av kveling.

Oda Moe

15 år gamle Oda Moe blei funnen drepen ved travbana i Børsa i Skaun søndag.

Foto: Gøril Klemetsen

Både av omsyn til etterforskinga og dei pårørande i saka ønskjer ikkje politiet å gi ytterlegare kommentarar kring dødsårsaka.

Verken politiet eller den 18 år gamle gjerningsmannen sin advokat, Torfinn Svanem, kan peike på eit klart motiv for drapet på 15 år gamle Oda Moe i Skaun søndag.

– Så langt eg kan sjå er det ingenting som har komme fram som tyder på at det er seksuell motivasjon i bildet, seier Svamen til NRK.

Fleire vitneavhøyr

Politiet driv med kontinuerleg etterforsking og får fortløpande nye opplysingar i saka.

– Desse opplysingane gir oss eit bilde av saka. Vi har framleis mykje etterforsking igjen og vi er avhengige av å få avhøyrd vitne før vi går ut med fleire detaljar i saka, seier konstituert lensmann i Skaun, Arve Nordtvedt, til NRK.

I går blei den 18 år gamle mannen varetektsfengsla i fire veker. To av dei i isolasjon fordi det er fare for at prov kan gå tapt.

Støttegruppe på nett

I går blei det oppretta ei støttegruppe for den drepne Oda Moe på Facebook. I dag har gruppa over 5 600 medlemmar.

Fleire hundre av desse har også lagt inn helsingar og kondolansar til familie og venner.

På same nettstad blei det også retta trugslar mot den 18 år gamle gjerningsmannen. Denne gruppa er no fjerna.

Det blei også halde minnestund i Børsa kirke i går kveld. Der deltok også fleire av dei pårørande.