Hopp til innhold

120 år gamle ruinar dukka opp då innsjøen vart tømd for vatn

I over 50 år har ruinane av den gamle turisthytta lege skjult under vasskorpa.

Litt av grunnmuren til gamle Nedalshytta har kommet til syne i Nesjødammen.

BYGDE I 1903: Denne grunnmuren er 120 år gammal. Den tilhøyrde Den Norske Turistforening si gamle hytta i Nedalen.

Foto: Turid Strickert

– Det var heilt spesielt, seier Turid Strickert om synet som møtte henne førre veke.

Ho jobbar i Den Norske Turistforeininga og er vertskap på hytta i Nedalen i Trøndelag, som ligg rett ved Nesjødammen.

Innsjøen er kunstig og vart demd opp på 70-talet som vassmagasin for kraftverka i Nea-Nidelvvassdraget. I ettertid har han også vorte ein av Nord-Europas beste innsjøar for røyefisking.

No er det heilt tørt der.

Nesjødammen

Slik ser det ikkje ut lengre. Den kunstige sjøen Nesjødammen på 66 kvadratkilometer blir no tømd for vatn. Vatnet skal førast tilbake når arbeidet på demninga er ferdig i juni.

Foto: Morten Andersen / NRK

Årsaka er at den over 50 år gamle demninga skal oppgraderast. Dermed har han vorte tømd for vatn.

– Det var som eit månelandskap rett og slett, seier Strickert.

Isen har sprokke opp og det er ulendt terreng der det vanlegvis er flat, tjukk is på vinterstid.

Mellom isterrenget kunne Strickert sjå ein gammal grunnmur.

Deler av grunnmuren til gamle Nedalshytta titter frem under et tjukt lag med is.

Ruinane til den gamle turhytta til turistforeininga har lege på botnen av Nesjødammen sidan 70-talet.

Foto: Turid Strickert

– Det var ei spesiell oppleving, det må eg verkeleg seie.

Murrestane kjem frå den gamle hytta til turistforeininga som vart bygd i 1903.

Medlemmane har snakka om ruinane i botnen av Nesjødammen sidan 70-talet.

For første gong på 50 år er det no mogleg å sjå dei igjen.

Turid Strickert

Turid Strickert har vore vertskap på Nedalshytta gjennom 10 sesongar.

Foto: Trondhjems Turistforening

Lang historie i Nedalen

Historia til DNT i Nedalen strekkjer seg heilt tilbake til 1887, som det første området Trondhjems Turistforening opererte i.

– Carl Schultz, som var formannen i turistforeininga heilt i starten, hadde eit spesielt forhold til Nedalen og Nedalen gard, seier dagleg leiar i Trondhjems Turistforening, Frode Støre Bergrem.

Bilde i sort hvitt av gamle Nedalen gård fra 1920.

Bilete frå 1920 viser Nedalen gard som var den første basen for Den Norske Turistforening i Nedalen. Her budde turistar frå 1889 til 1903.

Foto: Norhagen og Refsdal / Fra boka Fjellets Arvesølv av Trondhjems Turistforening

I 1889 inngjekk Schultz ein avtale med drivarane av Nedalen gard om at turistar kunne overnatte hos dei.

– Etter kvart vart interessa så stor at det var behov for ei eiga hytte, fortel Bergrem.

Den første hytta vart bygd på garden i 1897, men berre seks år etter måtte ho byggjast på nytt nokre hundre meter bortanfor.

Et bilde i sort hvitt fra 1921 av gamle Nedalshytta i Tydal.

Det er grunnmuren til denne hytta som har kikka fram. Den vart bygd i 1903. Biletet er frå 1921.

Foto: Ing. Wilhelmsen / FRA BOKA FJELLETS ARVESØLV AV TRONDHJEMS TURISTFORENING

– Det kom faktisk av at det var såpass mykje trafikk og dei gjestene frå byen var litt høgrøysta, så det vart behov for å få litt avstand mellom garden og hytta, fortel han.

Fram til 70-talet fungerte hytta som basen til turistforeininga i Nedalen. Så starta utbygginga av Nesjødammen.

Mange var kritisk til utbygginga

1971 vart den siste sesongen turistar kunne ta inn på gamle Nedalshytta. Tre år tidlegare hadde Stortinget bestemt at Nesjødammen skulle lagast, og hyttetomta ville bli dekt av vatn.

Dermed måtte ho rivast og det vart planlagd ny hytte ein annan stad i dalen.

– Nedalen var jo ei perle og eit fantastisk naturområde, som veldig mange hadde eit sterkt forhold til, og derfor var jo også mange medlemmer i turistforeininga veldig lei seg og veldig kritisk til den utbygginga, seier Bergrem.

Bilde av Nedalshytta i 1970. Vannet nærmer seg og er bare noen meter unna hytta.

Vatnet nærmar seg gamle Nedalshytta. Biletet er teke sommaren 1970, året før hytta hadde sin siste sesong.

Foto: Ola Bevre / FRA BOKA FJELLETS ARVESØLV AV TRONDHJEMS TURISTFORENING

Den nye hytta stod klar til påska 1972 og er den som framleis står i Nedalen, der Turid Strickert er vertskap.

Sjølv om det er lenge sidan den gamle hytta hamna på botnen av Nesjødammen er ho ikkje gløymd, fortel Strickert.

– Dette engasjerer folk både i og utanfor bygda.

Framleis kjem det folk til henne og fortel at dei har jobba eller vore på gamle Nedalshytta.

Frode Støre Bergrem er daglig leder i Trondhjems turistforening.

Frode Støre Bergrem er dagleg leiar i Trondhjems Turistforening.

Foto: Trondhjems Turistforening

– Det er ein del av historia som er spennande og viktig for mange, tenkjer eg. Nedbygging av natur blir jo gjord i mange omgangar og dette er jo aktuelt igjen med tanke på at det er behov for kraftutbygging no framover på grunn av det grøne skiftet, seier Bergrem.

– Sånn sett er det jo ei historie som gjentek seg og bør vere tankevekkjande i alle tider, kva som forsvinn når framsteget kjem. Det kjem ikkje utan ein pris, avsluttar han.

Påverkar økosystema

Tor Haakon Bakken er professor ved Institutt for bygg- og miljøteknikk ved NTNU. Han seier dei fleste vassmagasin i Noreg er laga av allereie eksisterande vatn.

– Når det gjeld Nesjøen og Esandsjøen så er jo det tilfellet. Esandsjøen var ein innsjø frå før, så bygde ein Nesjødammen og då demde ein ned eit område. Så vart Nesjøen og Esandsjøen koppelet saman ettersom vasstanden steig.

Slik konstruksjon av innsjøar fører til store forandringar i økosystema rundt.

– Artar som ikkje toler å leve under vatn vil jo forsvinne og så vil det bli erstatta av artar som lever under vatn, så det er to ulike typar økosystem, fortel han.

– Og så er det sjølvsagt store landskapsmessige endringar, at du plutseleg får ein innsjø der du har eit landområde.

Nesjødammen er nesten helt tom for vann.

Slik ser det ut i Nesjødammen etter at det er gjort omfattande arbeid med å tømme innsjøen.

Foto: TURID STRICKERT

– Veldig sjeldan

Bakken seier det ikkje er ofte busetnad hamnar under vassoverflata når det blir laga vasskraftverk.

– I Noreg er det veldig sjeldan. Det har nok gått med nokon setrar og kanskje nokon hyttar, men i veldig lita grad har det gått med busetnad. Men internasjonalt er det mange uheldige døme der det har vore flytting av folk.

Tor Haakon Bakken er forsker ved NTNU.

Tor Haakon Bakken er professor ved NTNU i Trondheim.

Foto: NTNU

Han viser til Three Gorges-dammen i Kina der over 1 million menneske måtte flyttast for å lage innsjøen.

– Det er jo litt det dilemmaet det er med all type infrastrukturprosjekt, om det er vegar eller jernbanar eller anna. Då er det snakk om behovet til storsamfunnet i forhold til behovet til den enkelte, seier Bakken.

– Det er ei avveging der mykje skal ei seter vege i forhold til ny kraftproduksjon, for eksempel, legg han til.

Les også Tømmer et av Nord-Europas rikeste røyevann – kan ta ti år å få fisken tilbake

Nesjødammen