Juryen i Frostating lagmansrett fann kvinna skuldig i drap tidlegare denne veka.
Kvinna vart kjent skuldig i å ha drepe Sverre Sæther med kniv, for å ha sett fram trugslar mot han i ei rekkje tekstmeldingar hausten 2002, og for falsk politimelding av påståtte trugslar mot seg sjølv.
Drapet skjedde i heimen til Sverre Sæther på Kyrksæterøra for eit og eit halvt år sidan.
Kravde femten år
Aktor kravde 15 års fengsel for kvinna, men Frostating lagmannsrett har sett straffa til 12 år.
Eit mindretal meinte kvinna burde sone ti år i fengsel. Kvinna er i tillegg dømt til å betale nesten ein million kroner i erstatning til Sverre Sæther si dotter og foreldra hans.
Kvinna anka dommen på staden.
Då Sør-Trøndelag tingrett handsama saka i fjor haust, blei kvinna dømt til 12 års fengsel. Ho har sitte fengsla sidan tingretten sin dom blei kjent 5. november i fjor.
Den dømte kvinna saman med forsvarar Terje Engebretsen. (Teikning: Knut Løvås)