Hopp til innhold

Fann ukjent mann sovande på sofaen

Politiet i Stjørdal rykka ut til ein adresse der eit sambuarpar hadde funne ein ukjent mann sovande på sofaen no på morgonkvisten.

Ifølge politiet skal den ukjente gjesten så ha vakna og deretter gått og lagt seg i paret si seng. Då politiet kom til staden viste det seg at mannen bur i Stjørdal, men hadde gått inn i feil bustad.

– Gjesten oppførte seg eksemplarisk då politiet kom. Han grudde seg til å kome heim til kona, frykta å få kjeft. Politiet opprettar ikkje ei sak, det er kanskje nok straff å kome heim, skriv politiet i Trøndelag på Twitter.