Hopp til innhold

Brannskadd mann på Frøya: Dødsårsak klar

Ein mann i 50-åra vart i april i fjor brannskadd under kommunal omsorg på Frøya i Trøndelag. I august døydde mannen – like etter at han vart utskriven frå sjukehuset. No er dødsårsaka klar.

– Det vi kan seie er at det er ingen direkte samanheng mellom brannskaden og dødsårsaka, seier politiadvokat Christian Spets til Adresseavisen, etter å ha lese obduksjonsrapporten.

Saka er derfor lagt bort av Statsadvokaten i Trøndelag.