Tredjeplass i Europa-kåring
Trondheim tok bronse i Brüssel under kåringa av «The European Rising Innovative City». Vantaa i Finland tok førsteplassen, medan Cascais i Portugal hamna på andreplass. Kommunen får med seg 50.000 euro heim.
– Dette er stort og vi er uhyre stolte, seier internasjonal leiar i Trondheim kommune, Cecilie Hammond Spark i ei pressemelding.