Hopp til innhold

Narkosikta knivoffer i varetekt

Mannen (29) som vart knivstukken på Møllenberg laurdag, er varetektsfengsla i fire veker. Politiet har sikta han for grovt narkotikalovbrot. Forsvarer Ann Turid Bugge ønskjer ikkje å uttale seg om saka no. Den sikta er framleis på sjukehus, i følgje kjennelsen frå Trøndelag tingrett onsdag.