Hopp til innhold

Hemne: Sendt med luftambulanse

Personen som vart skadd i ei arbeidsulukke på Hellandsjøen i Heim kommune er no sendt med luftambulanse til St. Olavs hospital. Vedkommande skal ha fått noko over seg under lossing opp på ein lastebil. Personen skal ikkje vere livstruande skadd, men har smerter i nakke og rygg, ifølge politiet.

– Personen er bevisstlaus, men har vore vaken innimellom, fortel operasjonsleiar Håvard Høyem i Trøndelag politidistrikt til NRK.