Hopp til innhold

RBK-profil til Norrköping

Rosenborg-spelar Samuel Adegbenro (25) melder overgang til det svenske laget Norrköping.

Samuel Adegbenro, RBK, Rosenborg

OVERGANG: Samuel Adegbenro (25) forlèt Rosenborg, og skal spele for svenske Norrköping.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

RBK.no bekreftar på sine nettsider at Rosenborg og IFK Norrköping er einige om ein overgang for fotballspelaren.

Det var VG som først avslørte nyheita onsdag føremiddag.

– Veldig glad for å vere her

– IFK Norrköping er ein av dei største klubbane i Sverige, og eg ser fram til denne utfordringa. Eg er veldig glad for å vere her, seier Adegbenro til sin nye klubb i Sverige.

I Norrköping får han tidlegare Brann-trenar Rikard Norling som trenar.

– Vi er kjempeglade for at vi lukkast med å knyte oss til Samuel. Han er ein spelar som over lang tid har spelt på det høgste nivået i Noreg, og nådd framgang både nasjonalt og internasjonalt. Samuel er ein offensiv spelar, som kjem til å spisse laget vårt ytterlegare, seier Norling til IFK Norrköping.

Takkar for fine år

Den nigerianske fotballspelaren kom til Rosenborg frå Viking sommaren 2017. Overgangssummen var på rundt 15 millionar kroner.

– Vi ynskjer å takke Samuel for fine år i Rosenborg. Vi ynskjer han lukke til vidare i Sverige, seier sportsleg leiar Micke Dorsin.

Vidare skriv RBK.no at Adegbenro vil bli hugsa for å nesten på eiga hand sende Ajax ut av Europa League-kvaliken då Rosenborg vann 3–2 på Lerkendal i august 2017.

Adegbenro hadde i utgangspunktet kontrakt med klubben i den komande sesongen.

Han spelte totalt 83 kampar og scora 16 mål for Rosenborg.

Nysignering for RBK

I ettermiddag vart det også kjent at Ole Hammerfjell Sæter har signert kontrakt med Rosenborg ut 2023.

– Det er surrealistisk å sitte her i Rosenborg-drakta. Det er ein følelse eg ikkje har kjent på nokon gong tidlegare. No gler eg meg til å komme i gong, seier han til RBK.no.

Vegen til Lerkendal har vore lang for 24-åringen, som no kjem rett frå Ranheim. Tidlegare har han spelt for Trond, Strindheim, Sverresborg, Kristiansund og Nardo. Spissen seier han er stolt over å lukkast til slutt.

Sportsleg leiar Micke Dorsin er glad for at ein ny trønder er på plass i stallen.

– Ole har hatt ein annleis veg til Rosenborg enn kva andre trønderar brukar å ha. Det viser at det er fleire vegar til «målet». Ole er ein spennande spelar som vi har stor tru på skal slå til her, seier han.

Ole Hammerfjell Sæter

NYSIGNERING: Ole Hammerfjell Sæter (24) har signert ein treårskontrakt med RBK.

Foto: Sebastian Moldjord / RBK.no