Ber ikkje om vidare varetekt
Ein mann i femtiåra, som er sikta for aktlaust drap etter ei hending i ei leilegheit i Ila i Trondheim for ein månad sidan, er lauslatt av politiet. Dei vurderer at det ikkje lenger er fare for at bevis skal forsvinne. Politiet meiner mannen har sett ei sprøyte med narkotika i ein 25-åring slik at han døydde. Mannen nektar straffskuld, men er framleis sikta og saka blir etterforska vidare.