Fire nye veker i varetekt
Stefaren til den tre år gamle jenta som døde i Overhalla førre månad er sikta for grov kroppsskade med døden til følgje, og har no fått fire nye veker i varetekt. Påtalemyndigheitene sitt ønske om brev- og besøkskontroll er tatt til følgje, men ikkje oppmodinga om forbod mot aviser og kringkasting.