Hopp til innhold

Stikkrenner kollapsa

Fylkesveg 776 i Nord-Trøndelag er stengd ved Kovafjorden i Fosnes. Statens vegvesen fortel at nokon stikkrenner har kollapsa, og må reparerast med ein gong. Vegen kan bli stengd nokre timar. Dette blir altså mellom Høylandet og ferjesambandet Geisnes ferjekai. Det er inga lokal omkøyring her, men ein kan køyre om Foldereid.