Hopp til innhold

– Det einaste eg tenkte var at eg ikkje skulle bli valdteken

Ho skilde lag med venninna nokre få minutt heimanfrå. Like etter kom ein ukjend mann bak henne. Det som skjedde dei neste minutta har sete djupe spor i livet til «Anna».

Anna i retten

PREGA: Anna var prega då ho vitna i retten.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Mannen i byrjinga av 30-åra møtte i Trøndelag tingrett måndag. Han står tiltalt for valdtektsforsøk og nektar straffskuld.

Anna var prega av det ho hadde opplevd då ho vitna i retten måndag.

Ho tok til tårene, stoppa opp undervegs, mens ho fortalde korleis kvelden på byen slutta.

Stakk handa inn i buksehol

Klokka var om lag kvart over to denne septembernatta då Anna skilde lag med venninna si på Møllenberg i Trondheim.

Mens ho gjekk vidare heimover, kjende ho brått ei hand som vart stukke inn gjennom eit avlangt hol bak på buksa hennar. Handa rørte ved låret. Ho oppdaga tiltalte, freista å rive seg laus og sa at ho ikkje ville ha noko med mannen å gjere.

Revne i dongeribukse

Fornærma hadde frå før eit avlangt hol i buksa bak. Ifølgje henne oppdaga ho tiltalte då han kom bak henne og stakk handa si inn i holet og tok henne på låret.

Foto: Politiet

Men han drog Anna med vidare bortover gata mens han heldt henne hardt fast i armen.

I den andre handa hadde Anna mobilen sin. Ho trykte på det første nummeret og ringde ei vennine. Ho svarte ikkje og mobilen ramla på gata.

Anna freista å halde seg midt i gata og håpa nokon ville dukke opp og hjelpe henne.

– Trudde eitt sekund eg skulle døy

Men tiltalte greidde å dra henne med seg til bilar som stod parkerte langs gata. Her enda Anna og tiltalte nede på bakken utan at Anna kan hugse korleis.

Åstaden for overgrepet

Mellom desse to bilane fann overgrepet stad. Politiet har lyst opp området før dei tok biletet same natta.

Foto: Politiet

Men ho hugsar godt at tiltalte la seg over henne, drog i håret og putta tunga inn i munnen hennar.

Kjeda til smykket rundt halsen vart rive sund.

Han heldt henne over munnen og hysja på henne.

Elles sa han ingenting.

– Eg trudde eit sekund eg skulle døy, fortel Anna.

Tiltalte freista å ta handa si ned i buksa hennar, ifølgje Anna. Ho kjende fingrane hans røre ved truselinninga.

Ho ropte og skreik «neinei», Freista å kome seg laus. Laga lydar når han heldt henne for munnen.

– Det einaste eg tenkte var at eg ikkje skulle bli valdteken, sa ho i vitnemålet sitt i tingretten.

Fleire augevitne

Tre personar vitna i retten om det dei hadde sett eller høyrt av hendinga.

Eit vitne vart vekt av eit «dunk» som om noko gjekk i bakken og deretter kvinneskrik.

Vitnet varsla politiet klokka 0221. Like etter kom eit anna vitne på veg heim frå jobb og såg det same som det første vitnet:

Ein mann som låg over ei skrikande kvinne.

Det tredje vitnet var ein av fire i ein gjeng som kom snakkande bortover gata like etter.

Anna høyrde også dei og sa i retten at då avbraut tiltalte overfallet og reiste seg opp.

Tiltalte gjekk roleg bortover gata. Berre eit par minutt etter var fleire politipatruljar på staden og pågreip tiltalte.

Det første vitnet meiner hen såg tiltalte med buksa si dregen ned under rumpa mens han låg opp på Anna.

Forsvarer Torfinn Svanem i rettsal 206 i Trondheim tinghus 16.januar 2023.

Forsvarer Torfinn Svanem meiner tiltalte må frifinnast fordi det ikkje er bevis for at han ville valdta kvinna.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Ville ikkje valdta

Tiltalte har sete i varetekt sidan han vart pågripen 19. september i fjor. Han har ikkje ønska å forklare seg for politiet, men sagt at han ikkje ville valdta.

Kvifor han følgde etter og la seg over kvinna i gata, har han ikkje sagt noko om.

I tingretten ville han heller ikkje forklare seg.

Forsvararen hans meiner tiltalte må frifinnast for valdtektsforsøk fordi det ikkje er bevis for at han ville valdta Anne.

Det tiltalte gjorde kan han vore beføling, altså seksuell handling, men ikkje forsøk på valdtekt, meiner Torfinn Svanem.

Den tiltalte i byrjinga av 30-åra har budd i Trondheim dei siste par åra. Han har fått avslag på asylsøknaden sin og vedtak på utvising.

Men sidan heimlandet hans ikkje har returavtale med Noreg, må han vere i Noreg.

Rikhard Haugen Lyng , kst, statsadvokat i sal 206 i Trondheim tinghus 16.januar 2023

Aktor, konstituert statsadvokat Rikhard Haugen Lyng meiner tiltalte må dømast til tre års fengsel.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Heldig samanfall av omstende hindra valdtekt, meiner aktor

– Forsøket blir avbrote fordi fornærma kjempar i mot og det kjem folk til stades.

– Det er eit heldig samanfall av omstende som gjer at dette ikkje vart fullbyrda valdtekt.

Det sa aktor Rikhard Haugen Lyng i prosedyren sin tysdag.

Aktor sa at det er inga tvil om at tiltalte freista å tiltvinge seg seksuell omgang. Tiltalte brukte vald og då er det valdtektsforsøk.

Overfallsvaldtekter eller forsøk på det, er noko av det mest traumatiske ein person kan oppleve, påpeika aktor.

Han meiner tiltalte må dømast til tre års fengsel.

Bistandsadvokat Lill Marie Brimi i sal 206 Trondheim tinghus 16.januar 2023

Eit valdtektsforsøk kan få like traumatiske følgjer som ei fullbyrda valdtekt, meiner bistandsadvokat Lilli Marie Brimi.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Eit valdtektsforsøk kan få like traumatiske følgjer som ei fullbyrda valdtekt, meiner bistandsadvokat Lilli Marie Brimi.

Anna fortalde i retten korleis det som skjedde har endra livet hennar.

Ho går framleis til behandling ved St. Olavs hospital for psykiske plager. Ho har søvnproblem, mareritt, blir sint, er redd for å gå ut aleine.

Anna er student, men greidde ikkje å ta ein eksamen slik planen var før jul.

Ho ønskjer også å flytte frå husværet bur i fordi det ikkje er langt unna åstaden på Møllenberg.

Dom i saka fell neste veke.