Christian Wiig i Strasbourg.
Ulf Hammerns forsvarer Christian Wiig er glad for at Ulf Hammern fikk medhald i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Dette er en viktig seier for rettstryggleiken, seier Wiig:
- Prinsipielt så er dette ei av dei sakene der norske domstolar får ein smekk over fingrane fordi dei har vore for raske. Den er også prinsipielt viktig fordi den viser at dei enkeltmenneske, i dette tilfellet Ulf Hammern med svært god støtte frå kona Jorid og barna, kan ta opp kampen mot heile det etablerte retts-Noreg, seier Wiig.
Mykje arbeid
Christian Wiig har i elleve år vore Ulf Hammerns forsvarar i Bjugnsaka. Wiig fortel at åra har vore prega av mykje arbeid, men også nært samarbeid:
- Eg har heile vegen hatt eit positivt samarbeid med familien Hammern, spesielt med Ulf og Jorid. Det har aldri vore noko form for krangel og diskusjon. Vi har hatt meiningsutvekslingar, kanskje spesielt i samband med Strasbourg-saka, men det har vore elleve positive år med familien.
Kva prinsipiell tyding har denne sigeren?
- Norske domstolar må innrette seg etter kva den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg seier. Det er nok ein vekkjar for norske domstolar at dei får eit så klart svar i dag, trur Wiig.
Jorid og Ulf Hammern
Ikkje diskutert erstatning
Christian Wiig og Ulf Hammern har ikkje tatt stilling til om dei kjem til å reise erstatningssak. Dette vil dei bruke tida framover på å finne ut. I tillegg vil Wiig diskutere med regjeringsadvokaten om det som måtte komme derifrå:
- Hammern må på ein eller annan måte få noko form for kompensasjon. Om ikkje anna må han få dekka reisa til Strasbourg for den har han jo betalt for sjølv, seier Wiig.
Er du overraska over utfallet?
- Eg hadde håpa på dette resultatet, men eg sa til Hammern seinast i går kveld at dette kunne tippe begge vegar. Det var eit heilt ope spørsmål om korleis dette skulle ende.