Fosen Mekaniske Verksteder i Rissa får støtte frå alle hald i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det er tungt å sjå for familien Selven som eigde Elpro Selva i Agdenes.
Elpro Selva i Agdenes
Verksemda var Fosen Mekaniske Verksteder sin underleverandør, og gjekk konkurs etter bygginga av luksusskipet "The World". Familien Selven jubler difor ikkje over Fosen Mek. sin siger i verftsstøttesaka, fortel tidlegare dageleg leiar i Elpro Selva Grethe Selven:
- Verftsstøtta som Fosen Mek. har fått er sikkert rettkomme, men eg heiser ikkje flagget, seier Selven.
Gjekk konkurs
Grethe Selven
Mens Fosen Mek. så langt har berga seg gjennom ein vanskeleg økonomisk situasjon, gjekk Elpro Selva konkurs i fjor. Dei klandrar i stor grad Fosen Mek. for konkursen, og framleis er dei bitre:
- Vi fekk inga hjelp, og Fosen Mek. har i dag fått hjelp, så det er klart at det er bittert for oss. Det er tross alt snakk om ei tretti år gamal familieverksemd, som desverre blei øydelagt, seier Grethe Selven.
Sofus Selven
Urettvist
Sofus Selven grunnla Elpro Selva, og var engasjert i drifta i 28 år. Også han synest det er sårt å sjå Fosen Mek. få hjelp og støtte, noko han føler uteblei då hans firma var i vanskar:
- Det er klart ein blir bitter for det var så lite som skulle til for å redde oss. Mange har fått hjelp, men vi fekk inga hjelp då vi trong det.
Eg synest difor det er litt urettvist at politikarane går ut og seier at Fosen Mekaniske Verksteder må få verftsstøtte og kompensasjon, seier Sofus Selven.