- Velkommen til Danmark, Gøril

GOG Odense håper Gøril Snorroeggen blir med på flyttelasset når sambuaren flytter til Danmark.

Gøril Snorroeggen
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Gøril Snorroeggen er hjarteleg velkommen hit, seier Ulf Schefert, trenar for GOG Odense i Danmark, til NRK.

Han håpar Byåsens midtback følgjer med på flyttelasset når sambuaren, Alexander Lund Hansen blir keeper for fotballaget i byen.

– Eg syns det hadde vore artig og fått prøvd seg i Danmark, seier Snorroeggen.

Viktig spelar

GOG er et lag midt på tabellen i den danske eliteserien. Tidlegare har norske landslagsspelarar som Marianne Rokne og Ragnhild Aamodt spelt for klubben.

Med rosenborgkeeper Alexander Lund Hansens overgang til Odense, håper Schefert på ein klar forsterking også for byens handballag.

– Ho har mange kvalitetar og er vant til å spele store og viktige kampar, seier Schefert.

Slit med skade

Gøril Snorroeggen slit enno med skulderskade, men innrømmer at ho har følarar ute i Danmark.

– Eg har ein som eg pratar med som jobber litt for meg og han har hatt litt kontakt med danske klubbar, seier Snorroeggen.

GOG har også tidlegare prøvd å få Snorroeggen til Danmark.

– Vi får ta opp igjen kontakten og håpe at vi greier å løyse det slik at ho kan spele for oss, seier Schefert.

Gøril Snorroeggen vil også kunne fullføre medisinstudiane sine i Danmark. Det har mellom anna Cecilie Leganger gjort før ho.