Hopp til innhold

- Trygt å ete svinekjøt

Bondelaget understrekar at det er trygt å ete svinekjøt trass i influensasmitte.

Mattilsynet tester gris for svineinfluensa
Foto: Mattilsynet

– Vi har det fra alle hald at det er helt trygt å ete svinekjøt og at det er ingen fare for smitte gjennom kjøtet, seier leiar i Nord-Trøndelag bondelag, Jon Trøite, til NRK Trøndelag.

Trist for næringa

Laurdagens melding om at ein buskap med gris på ein gard i Åsen i Levanger var smitta av svineinfluensa var tøff for dei som driv med svin.

Bondelaget vil mandag føremiddag følgje opp både bonden som har fått svineinfluensa i fjøset og dei som driv gardsbruk i nærleiken.

– Vi held kontakt med både produsentane og Mattilsynet og ber alle følgje dei retningslinjene som er komme frå Mattilsynet, seier Trøite.

Ønskjer høgare prioritet

Fleire bønder er redde for å få svineinfluensa i fjøsa sine etter helgas utbrot.

Bondelaget ber helsestyresmaktene om på nytt vurdere om svinebøndene skal komme lenger fram i vaksinasjonskøen.

Det er gravide, folk med risiko for alvorleg sjukdom og helsepersonell som står øvst på prioriteringslista til Folkehelseinstituttet, og det aksepterer bøndene.

– Men etter det, må det vere vår tur, seier leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke.

Ikkje først i køen

Folkehelseinstituttet vil ikkje prioritere grisebønder i den første vaksineringsrunden mot svineinfluensa trass i at svineinfluensa er påvist hos gris i Noreg.

Først klokka 1700 mandag ettermiddag blir det klart om fleire grisar er smitta av influensaen.