Hopp til innhold

- Truleg ikkje seksuelt motivert

– Det er ingen grunn til å tru at drapet på 15 år gamle Oda Moe var seksuelt motivert, seier 18-åringens forsvarar Torfinn Svanem.

Torfinn Svanem

Advokat Torfinn Svanem forsvarer 18-åringen som er sikta for drap i Skaun.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Verken politiet eller den 18 år gamle gjerningsmannen sin advokat, Torfinn Svanem, kan peike på eit klart motiv for drapet på 15 år gamle Oda Moe i Skaun søndag.

– Så langt eg kan sjå er det ingenting som har komme fram som tyder på at det er seksuell motivasjon i bildet, seier Svamen til NRK.

Detaljar kring dødsårsaka

Den førebelse obduksjonsrapporten er ifølgje politiet klar.

– Vi vil i løpet av dagen vurdere om dei skal gå ut med opplysingar kring ei muleg dødsårsak, seier fungerande lensmann i Skaun, Arve Nordtvedt, til NRK.

Ifølgje VG blei 15-åringen kvalt av ein 18 år gamal mann ved travbana i Børsa i Skaun. Politiet vil verken avkrefte eller stadfeste denne opplysingen.

– Det får stå for VG si rekning. Eg har ingen kommentar til det, seier Nordtvedt.

Artikkelen held fram under bildet.

Klubbhuset ved travbanen i Børsa

Jenta blei funnen død her ved klubbhuset ved travbana i Børsa.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Fleire vitneavhøyr

Politiet driv kontinuerleg etterforsking og får fortløpande nye opplysingar i saka.

– Desse opplysingane gir oss eit bilde av saka. Vi har framleis mykje etterforsking igjen og vi er avhengige av å få avhøyrd vitne før vi går ut med fleire detaljar i saka, seier Nordtvedt.

I går blei den 18 år gamle mannen varetektsfengsla i fire veker. To av dei i isolasjon fordi det er fare for at prov kan gå tapt.

Politiet vurderte også å utvide siktinga mot mannen, frå forsettleg drap til overlagt drap.

Minnestund i Børsa

Børsa kirke blei i går kveld opna for sørgande. Det blei tent lys, snakka og sunge i kyrkja. Fleire av dei pårørande deltok også på minnemarkeringa.

- Det er alle slags type kjensler. Det er sjokk, det er gråt og eg trur kanskje også det er litt uvisse om at dette kan skje i ei lita, fredeleg bygd. Spesielt i går var det veldig uverkelig, sier sokneprest i Skaun og Børsa, Stein Ellinggard til NRK.