Kjell Schmidt Pedersen. (Foto: Gorm Kallestad/Scanpix)
Huseigarane i Trondheim tek lett på krava til branntryggleik på grunn av manglande brannkontrollar. Det meiner administrerande direktør i SINTEF-selskapet Norges branntekniske laboratorium, Kjell Schmidt Pedersen.
- Etter bybrannen i Trondheim har vi sett at det er veldig viktig at det er tilsynspersonell til stades. Det gjeld både tilsyn av bygnings- og brannstyresmakter.
Mangelfull førebygging
Norges branntekniske laboratorium granska storbrannen i Trondheim for snart eitt og eit halvt år sidan, og har også sett på kva som gjekk galt i ei rekkje andre brannar i Noreg.
Bybrannen i Trondheim.
Det førebyggande arbeidet er svært viktig, og mangelfull førebygging er eit stort problem. Når kommunen og brannvesenet ikkje er der for å kontrollere at regelverket blir følgt, er det mykje lettare å slakke på krava, seier Kjell Schmidt Pedersen.
- Det har lett for å bli slik at ein gløymer, og når det ikkje skjer noko går ein berre vidare med sitt. På den måten blir det ei avslappa haldning til det heile.
Hadde flaks
Mandag fortalte NRK Trøndelag at brannvesenet i Trondheim ikkje innfrir krava som blir stilt til førebyggande arbeid.
Med ein storbrann friskt i minne er det synd, og det kan også vere farlig, meiner Schmidt Pedersen.
- Det ser vi veldig tydeleg ved denne storbrannen. Det er heilt klart at i dette tilfellet var det berre flaks som gjorde at brannen starta om formiddagen og ikkje midt på natta.