Akselsen ber olje- og energiminister Einar Steensnæs gjere greie for saka i Stortinget.
- Statoil har konsesjon for å bygge fleire gasskraftverk. Da er det interessant å spørre kvifor dei søker om eit nytt prosjekt i staden for å realisere dei konsesjonane dei har.
Eg skulle også gjerne vite kvifor gassprisen til Skogn-prosjektet eksploderte over natta, seier Akselsen.
Gasspris stoppa Skogn
Ein altfor høg gasspris var årsaka til at gasskraftplanane på Skogn vart lagde i skuffa for to år sia.
Statoil sat på begge sider av bordet - først og fremst som seljar av gassen - men også som medeigar i Skogn-prosjektet.
Stortingspolitikar og tidlegare olje- og energiminister Olav Akselsen trur Statoil alt den gongen tenkte på Tjeldbergodden:
Har to konsesjonar
- I ettertid er det lett å sjå at Statoil hadde fleire tankar i hovudet. Eg kan aldri bevise det, og Statoil kjem sikkert til å nekte, men eg mistenker at dei ikkje var så interesserte i å selje gass til Skogn, seier Akselsen.
To selskap har fått konsesjon på bygging av gasskraftverk - Statoil er medeigar i begge - men ingen konsesjon er nytta så langt.
No går altså Statoil ut og vil søke om nok ein konsesjon - denne gongen på eit eige gasskraftverk på Tjeldbergodden.
Også i Trøndelag veks mistanken om at Statoil har ein skjult agenda. Rådmann Rudolf Holmvik i Verdal seier kommunen har sett på Statoil som ein samarbeidspartner. No kan han vere i ferd med å skifte meining.
Til Steensnæs
Einar Steensnæs
Olav Akselsen meiner saka bør på olje- og energiministerens bord - for hvis Statoil heilt bevisst har sett gassprisen så høg at Skognprosjektet ikkje blir lønnsamt, så er det alvorleg.
- Statoil har mange roller å spele. Ei av dei er å selje gass. Dette må ikkje forpurre planane til andre selskap, seier Olav Akselsen.
Les meir: Hitra og Frøya svikter Skogn