- Sjukdom går ut over kompetansen

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag meiner helsereforma gjer at småkommunane risikerar å stå utan kompetanse ved sjukefråver.

Hallgeir Grøntvedt (t.v.) og Kåre Gjønnes

Hallgeir Grøntvedt (t.v.) og Kåre Gjønnes er opptekne av å vere rusta for framtida.

Foto: Ståle Yttrehus / NRK

- Mange kommunar har berre ein prosentdel av ei stilling. Om den personen blir sjuk fell heile kompetansen bort, seier Fylkesmann i Sør-Trøndelag Kåre Gjønnes.

Fleirtalet bur i by

Over halvparten av bebuarane i Sør-Trøndelag bur i Trondheim. Resten er fordelt på dei andre kommunane. Desse har i følgje Gjønnes for lita bemanning til å klare å løyse problema sjølv.

- Det er dei klar over også. Då treng vi ein ny struktur. Anten i kommune, kommunesamarbeid eller samkommunar, seier Fylkesordføraren.

Tysdag og onsdag har Gjønnes saman med kollegaer haldt seminar i det nye kultursenteret i Ørland. Han er bekymra for korleis kommunane kan takle helsereforma som Stortinget og regjeringa har varsla.

Ordførar Hallgeir Grøntvedt i Ørland kommune meiner dei og dei andre kommunane på Fosen er godt rusta.

Føler seg godt rusta

- Vi har Fosen Distriksmedisinske Senter (DMS) som har vore drift ei tid no. Der finnast mykje av den ekspertisen som vil bli etterspurt i kommunane her på Fosen. Vi trur det er ein god modell for framtida.

Gjønnes er einig i at Fosen er godt stilt for framtida. Noko helseminister Bjarne Håkon Hansen også har uttalt. Uansett ventar han ei helsereform i løpet av relativt kort tid.

- Helsereforma vert trulig gjennomført uavhengig av kven som sit i regjering. Den skal jo behandlast til hausten, seier Gjønnes.

Video fra Trøndelag

Nå åpner over fire mil med nye skuterløyper i Tydal. Kommunen er den første som åpner løyper for rekreasjonskjøring i Sør-Trøndelag.
Arnt Helge Volden gjorde et oppsiktsvekkende funn da han gikk seg på et hvalbein i Agdenes. som trolig er mellom 8000-12000 år gammel i Agdenes
Trøndere har alltid satt pris på en god kopp kaffe, men for 20 år siden ble vi introdusert for en ny smaksopplevelse - siden da har det dromedar kaffebar blitt en stor og sentral del av Trondhjems kaffekultur .