Hopp til innhold

- Risikerar å bli akterutseglt

Akersjef Nina Udnes Tronstad er oppgitt resultatlause politikarbesøk.

Nina Udnes Tronstad, direktør ved Aker Verdal.

Direktør ved Aker verdal, Nina Udnes Tronstad er slett ikkje nøgd med politikarane.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Trass i besøk frå tre statsrådar og to statssekretærar på besøk i valkamp, har det ikkje kome nokon lovnadar om til Aker Verdal.

Skuffa over valkampen

- Det er mogleg eg er litt naiv, men eg trudde næringslivspolitikk og klimapolitikk skulle vere ein del av årets valkamp. Det har det ikkje vore, seier ein skuffa Akersjef Nina Udnes Tronstad.

Det ho vil ha er ein lovnad om å betre rammevilkår for bygging av vindmøller i Noreg.

- Det eg ønskjer meg er same rammevilkår for vindkraftindustri i Noreg som dei vi konkurrerar med.

Konkurrentar i medvind

I følfje Tronstad har myndigheitene i Tyskland og England gått inn med milliardar av kroner for å betre rammevilkår for konkurrerande verft til Aker. Men sjølv i valkampen vil ikkje norske politikarar love å gjere noko konkret.

Verftet i Verdal er mest kjend for bygging av understell til oljeindustrien, men har også satsa på vindmøller. Om Aker skal klare å sikre jamn sysselsetjing av sine 450 tilsette, må dei få fart på vindmøllesatsinga. Og der meiner Tronstad at dei stiller med eit stort handikap.

- Det eg opplever er at politikarane ikkje forstår er at det hastar. Om vi roter bort meir tid er vi akterutseglt i marknaden.