Det var i januar ein psykisk utviklingshemma mann blei meldt til politiet for overgrep mot to jenter som var med i tiltalen i Bjugnsaka.
Sør-Trøndelag etterforskar saka og har no bedt Kripos om hjelp, men snart eitt år etter, er det framleis ikkje gjort nye avhøyr.
- Eg ønskjer ikkje seie kva vi har gjort så langt, og heller ikkje kva vi skal gjere vidare. Men eit avhøyr kan vere aktuelt om vi føler trong for det, seier påtaleledar ved Sør-Trøndelag politidistrikt Harald Moholt til NRKs aktualitetsmagasin Her&Nå.
Har stadfesta overgrep
NRK Her&Nå har fleire kjelder som kan stadfeste at ein psykisk utviklingshemma mann på Fosen framleis ikkje er avhøyrd.
Han skal, både i DVD-opptak og i fleire andre samtalar, ha stadfesta overgrep på 1990-talet. Overgrepa skal ha skjedd mot to av barna som var involvert i saka for femten år sidan.
Kripos er kopla inn
Politiet har fått dette DVD-opptaket som til tider er vanskeleg å forstå fordi det som blir sagt er utydeleg.
I Trondheim er det det fleire som har mykje kompetanse på psykisk utviklingshemma med talevanskar, men desse har ikkje blitt involvert for å tolke innhaldet. Politiet har no kontakt Kripos for å få hjelp til å forstå det som blir sagt.
- Det gjer vi frå tid til annan, når vi føler trong for meir kompetanse i ei sak, seier Moholt.
Redd for opplysingane
Det er femten år sidan haustdagane sette sine spor i Bjugn. Dei mistenkte er forlengst frikjent, men framleis kjempar den mistenkte Ulf Hammern for å få den erstatninga han har krav på, etter å ha blitt frikjent.
Advokaten hans, Sigurd Klomsæt, er overtydd om det er for mange som kjempar imot at denne saka blir etterforska vidare. Han seier til Her&Nå at mange fryktar nye opplysingar i saka.
- Eg meiner at det alt er gjort grove feil frå politiet si side og frå andre som er ansvarlege. Vi har ved fleire høve purra på dette sidan eg blei kjent med det i sommar, seier Klomsæt.
Han legg til at det viser at saka er lite prioritert hos politiet når Kripos først blir kopla inn i starten av november.