Hopp til innhold

- Ope for dei som treng ei hand

- Her er det ope for dei som vil snakke, eller dei som vil site stille i kinosalen, seier Marita Hoel Fossen i Røde Kors i Trondheim.

Røde Kors med opne dører i Trondheim

MED OPNE DØRER: Røde Kors opnar dørene på Trondheim Katedralskole for dei som treng å snakke om terroraksjonen i Oslo og Utøya.

Foto: Gunnar Halstadtrø, Røde Kors

Marita Hoel Fossen

- STOR PÅGANG: - Mange treng nokon å snakke med, seier Marita Hoel Fossen i Røde Kors.

Foto: Røde Kors

Organisasjonen har sett opp ein treffstad for alle som treng å møte nokon i Trondheim. Trondheim Katedralskule har stilt aulaen sin til disposisjon, og der opna Røde Kors dørene laurdag.

- Dette er ein stor katastrofe, og mange er påverka, seier Hoel Fossen.

Supplement til pårørandesenteret

Møteplassen er eit supplement til pårørandesenteret som Trondheim kommune har oppretta. Medan dei som er ramma av hendingane på Utøya kom til hotellet laurdag kveld, har Røde Kors sett ein jamn pågang av folk.

- Dei fleste treng rett og slett eit medmenneske. Nokon å snakke med, og nokon å vere saman med, seier Hoel Fossen.

- Tragisk

Sjølv var ho telefonvakt for distriktskontoret til organisasjonen laurdag, og seier det er tydeleg at mange treng nokon å prate med.

- Dette er tragisk, og folk er fortvila, fortel ho.

Møteplassen blir også open på dag- og kveldstid utover neste veke for alle dei som treng nokon å prate med.