Hopp til innhold

- Lag park i staden for storhall!

– Det ville vere ein katastrofe om området på Øya skulle bli utbygd til storhall. Bygg heller park på det fantastisk fine området!

Lars Haltbrekken

Lars Halbrekken vil gjerne på tinget. I dag vart han nominert på topplassen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Det seier Lars Haltbrekken, som i dag er nominert på førsteplass på SV's liste i Sør-Trøndelag.

Det er på spørsmål om kva trøndersk sak han ville engasjere seg i, om han var stortingsrepresentant i dag, den tidlegare leiaren i Naturvernforbundet svarer:

– Det måtte bli den planlagte utvidinga av Trondheim spektrum, sjølv om det ikkje først og fremst er stortingssak. Eg har arbeidd mykje med den saka i det siste, seier Haltbrekken, som no er rådgjevar for SV's stortingsgruppe på Stortinget.

– Fantastisk friluftsområde!

– Dette området på Øya er eit fantastisk og ettertrakta friluftsområde. Og til å vera nærmast midt i sentrum, så er det eit veldig rikt fugleliv her, seier mannen som i mange har kjempa for vern av naturen.

Han meiner altså at ein i staden for nedbygging, bør satsa på dette sentrumsnære området som ein framtidig park, og peikar på at ein jo har alternativ for storhall, på Sluppen og Sorgenfri.

Av dei meir generelle nasjonale og internasjonale sakene han vil engasjere seg i, har Lars Haltbrekken sendt ut ei pressemelding no i ettermiddag.

Naturvern og kutt i utslepp

– Eg vil vera ein storingsrepresentant for alle oss som vil kutte klimagassutsleppa og ta vare på norsk natur. Og eg vil at Noreg skal vera eit varmt samfunn med små skilnader mellom folk. Då rustar vi oss for framtida, uttalar Haltbrekken.

På plassane etter Haltbrekken på SV's liste for Sør-Trøndelag, er Mona Berger og Nisrin El Morabit nominert. Ved siste val fekk SV inn ein representant frå Sør-Trøndelag, Snorre Valen. Han har fråsagt seg attval.

Solidaritet og meir miljøvennleg politikk

No blir det altså leiaren i Naturvernforbundet i over 11 år som gjerne vil på Stortinget etter valet neste haust. Dét valet imøteser han optimistisk, og uttalar blant anna dette i pressemeldinga i ettermiddag:

– Eg har tru på at folk i Noreg ønskjer ein meir solidarisk og miljøvennleg politikk enn den kalde og skadelege politikken til Høgre-FrP-regjeringa. No skal vi mobilisere saman for å vinna valet.