Hopp til innhold

- Illojalt av fylkesordføraren

Høgre og Arbeidarpartiet i Nord-Trøndelag er opprørt over at fylkesordføraren går inn for eit biokraftverk på Skogn. Illojalt, meiner Gunnar Viken i Høgre.

Gunnar Viken
Foto: Nord-Trøndelag fylkeskommune

Viken er gruppeleiar for Høgre på fylkestinget. Han meiner å gå inn for biokraftverk er illojalt både mot fylkestinget, og mot Nord-Trøndelag E-verk:

 - Nord-Trøndelag sender no ut forskjellige signal, og då blir det vanskeleg for sentrale myndigheiter å ta oss på alvor.

Vil ha biokraft først

Viken siktar til fylkesordførar Erik Bartnes (Sp) som sa på Midtnytt at han ønskjer eit biokraftverk på Skogn, mens fleirtalet på fylkestinget har bestemt å jobbe for gasskraftverk.

- Det er vedteke at det skal satsast på gasskraftverk på Skogn, så det er greit. Mitt bidrag er at eg synest  dei skal ta ut det med biokraft først, fordi mange av oss er i ferd med å bli lei av diskusjonen. Vi har holdt på i ti år, og er nok lenger unna no enn det vi trudde vi var for ti år sidan. 

 

Erik Bartnes, fylkesordførar i Nord-Trøndelag

Erik Bartnes, fylkesordførar i Trøndelag vil ha biokraft

Foto: Nord-Trøndelag fylkeskommune

- Ein kniv i ryggen på NTE

Eit kraftverk basert på bio-råstoff vil gje rundt ti prosent av den krafta eit kraftverk basert på naturgass kan gje. Allereie neste år kan det bli eit stort kraftunderskot i Midt-Norge. Det kan gje alvorlege konsekvensar for den kraftkrevande industrien. Nord-Trøndelag E-verk jobbar derfor intenst for å få lagt ei gassrøyrleidning inn Trondheimsfjorden. Som fylkesordførar er Bartnes også formelt sett eigar av NTE, men ønskjer altså biokraft. Dette likar Viken i Høgre dårleg:

- Det blir dobbelt gale. Fylkestinget har jo gitt NTE klare signal om å vere offensiv, og klare å skaffe nok energi. Dei har no fulgt opp å kjøpt seg opp i Industrikraft-Midtnorge, og at vi då skal snu på hælen, er ein kniv i ryggen på NTE som bedrift.

 

Høgre og Ap står saman

Arbeidarpartiet og Høgre sine fylkespolitikarar vil be fylkesordføraren bestemme seg:

- Dette er uhaldbart. Vi må rydde opp i dette så Nord-Trøndelag har eit klart og eintydig syn. Vi har meir enn nok av utfordringar om vi ikkje ska snuble i eigne bein. 

Gruppeleiar for Ap på fylkestinget i Nord-Trøndelag, Sturla Sørgård er kritisk til utspelet om biokraft:

- Dette utspelet er skuffande og kan vere med på å undergrave arbeidet med gasskraftverk på Skogn. Vi har blitt kontakta av mange, både frå grasrota i partiet og i industrien som reagerar på dette og meiner dette fører til usikkerheit.