Hopp til innhold

- Ikkje skuldig!

Den 44 år gamle mannen som er tiltalt for å ha tatt livet av sonen sin på Byåsen i Trondheim, seier seg ikkje skuldig.

Tiltalte
Foto: Knut Løvaas / NRK

Han innrømmer heller ikkje at han har utsett familien for grov vald gjennom nærare sju år.

Men det har i ettermiddag blitt klart at mannen kjem til å forklare seg i retten.

Den tiltalte 44-åringen hevdar han ikkje hugsar kva som skjedde den dagen sonen blei drepen i familiens bustad på Stavset i Trondheim.

- Han blei drepen heime hos oss, det er fakta. Eg hugser ikkje kva som skjedde, det er alt eg kan seie. Difor kan eg ikkje seie meir, forklarte 44-åringen i Trondheim tingrett mandag føremiddag.

Bad om utsetting

44-åringens advokat, Abid Raja, bad mandag morgon retten om å utsette saka fordi han meinte tolken, som oversette dei første avhøyra av faren, hadde gjort feil.

Raja meinte det ikkje kunne knytast noko truverd til erklæringa tolken har lagt fram og at tolken har oversett avhøyret på ein måte som ikkje var forsvarleg.

Retten avviste kravet frå Raja, og rettssaka heldt fram som planlagt frå klokka 1230.

Les også: Krav om utsetting avvist

40 vitne

Aktor i saka er statsadvokat Kaia Strandjord, og forsvarar er advokat Abid Q. Raja.

Tingrettsdommar Hilda Gerd Kolbjørnsen leiar rettsdrøftingane.

Tingretten skal etter planen avhøyre kring 40 vitne i tillegg til medisinsk sakkunnige og rettspsykiatrisk sakkunnige. Det er sett av to veker til saka.