Folk som bur i Trondheim må smørje seg med tolmod om dei blir sjuke i helgene. Det er konklusjonen etter den første veka med nytt legevakttilbod.
Skadepoliklinikken ved St. Olavs Hospital er lagt ned og erstatta av ein ny, ortopedisk skadepoliklinikk. I løpet av helga var 130 personar innom legevakta. Enkelte måtte vente opptil tre timar på hjelp.
- Dette er ikkje akseptabelt. Vi ønskjer at folk skal få hjelp i løpet av ein og ein halv time, seier overlege Nils Ericsson til NRK Trøndelag.
Fleire blir vist bort
Målet med den nye ordninga er å sørgje for at riktig pasient kjem på riktig stad, til riktig tid.
Dette skulle gjere den nye legevakta meir effektiv. I dag er spesialsjukepleiar Eli Aunøyen ei av dei som avgjer kven som får sleppe til på legevakta og kven som må få time hos fastlegen.
For etter omlegginga av skadepoliklinikken blir fleire pasientar enn tidlegare avvist.
- Pasientar som kjem på dagtid, og har fastlege, blir ofte sendt rett til den. Dette gjeld sjølvsagt ikkje dei som har skadar som treng behandling straks, seier Ericcson.
Fungerer i vekene
På vekedagane fungerer den nye ordninga greitt, og pasientane får kome raskare enn før.
Omlegginga til det nye systemet er inne i ein innkøyringsfase og særleg merka ein dette godt i helga, seier Ericsson. No ber han folk ha tolmod.
- Eg syns pasientane skal gi oss ein månad, då reknar eg med at mange av småproblema er løyste. Også dei må vere litt sjenerøse og vise tolmod.