Hopp til innhold

- Godt å klemme kjærasten

Scanpix-fotograf Stian Lysberg Solum er tilbake i Namsos etter skotdramaet i Kabul.

Stian Solum
Foto: Kjartan Trana / NRK

- Det er godt å komme heim og få prate med foreldre og gi kjærasten ein klem, seier Stian Lysberg Solum til NRK Trøndelag.

Les også: – Kabul-angrepet vil sitte i hele livet

Saman med fleire andre norske journalistar og ein delegasjon frå Utanriksdepartementet opplevde 24 år gamle Stian Lysberg Solum det kraftige angrepet mot Serena hotel i Kabul mandag kveld.

Minst åtte personar skal ha blitt drepne i angrepet, mellom dei Dagbladets journalist Carsten Thomassen.

Blei nesten truffen

Stian stod like ved Carsten Thomassen då sjølvmordsbombaren sprengte seg i lufta berre nokre få meter frå dei to nordmennene.

Like etter oppdagar ein afghansk mann i politiuniform Solum og hevar kalasjnikovgeværet sitt for å drepe han. Inntrykka frå dei dramatiske minutta på Serena hotell sit i kroppen.

- Eg har eit stillbilde av politisoldaten, som skyt på meg. Eg ser flammen som kjem ut av kalasjnikovgeværet. Det bilete trur eg kjem til å sitte i lenge, seier Solum.

Han legg til at han truleg berre var ti centimeter unna å bli truffen av kulene sjølv.

God oppfølging

Tirsdag kveld kom Scanpix-fotografen tilbake til Noreg. Han har ikkje ønska å snakke med journalistar før i dag, men understrekar at han har fått god oppfølging etter det som har vore gjennom.

- Vi har prata veldig mykje om det som skjedde. Når vi kom til den norske leiren på flyplassen i Kabul, fekk vi god hjelp og snakka mykje om angrepet, korleis vi opplevde det og situasjonen vi hamna i, seier Solum.

Sjølv trudde han at han var sikker på hotellet og at det var langs landevegane ein var usikker som journalist og fotograf i Afghanistan.