Hopp til innhold

- Glade for å vere heime

- Det viktige no er at ungdomane får vere med sine pårørande, seier fylkessekretær Stian Valla Taraldsvik i AUF Sør-Trøndelag. Laurdag kveld kom dei endeleg heim til Trondheim.

Stian Valla Taraldsvik

ENDELEG HEIME: - Det som skjedde er fyrst og fremst ein tragedie, seier fylkessekretær Stian Valla Taraldsvik i Sør-Trøndelag AUF.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

AUF-arar kjem heim til Trondheim

TIL TRONDHEIM: Bussen med dei 36 ungdomane kom til Trondheim seint laurdag kveld.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK
Eva Kristin Hansen

MED PÅ TUREN: Stortingsrepresentant Eva Kristin Hansen (Ap) var med dei overlevande tilbake frå Utøya.

Foto: Jon Arne Johansen / NRK

Seint laurdag kveld trilla bussen inn til Royal Garden hotell i Trondheim. Om bord var det 36 overlevande frå Utøya.

- Det har vore ein lang busstur. Ein tur der folk har gledd seg veldig til å kome heim, seier stortingsrepresentant Eva Kristin Hansen (Ap). Ho var med på bussen frå Utøya til Trondheim.

Sjølv har ho vore med i AUF, og har fleire gongar vore på Utøya.

- Eg elskar Utøya, og har vore der sidan eg var 15 år. Eg har mine beste ungdomsminne derfrå, og så sit eg på ein buss med ein del ungdom som har fått det verste minnet i sitt liv. Det er surrealistisk å tenke på korleis eg har opplevd Utøya, mot korleis dei har opplevd det, seier ho til NRK.

  • Sjå fjernsynsinnslaget frå ankomsten laurdag kveld nederst i artikkelen.

- Dette vil ta tid

Ungdomane som kom til Trondheim vart tekne i mot av kriseteamet i kommunen, og ordførar Rita Ottervik seier dei vil stille opp med det som trengs for at ungdomane skal kome seg gjennom dette.

- Både kommunen og partiet vil prøve å ta vare på dei. Det blir minnestund, og det blir jobba med oppfølging både frå kommunen og partiet si side i dagane og vekene framover. For dette vil ta tid, seier ordføraren.

Laurdag vart kyrkjene oppmoda til å opne dørene for folk som treng å snakke. Der stilte det seg folk i kø for å tenne lys for dei som er ramma av terrorangrepa. I tillegg vart det arrangert ei minnestund i Trondheim same dag.

- Vanskeleg å setje ord på

Fylkessekretær Valla Taraldsvik ville laurdag kveld ikkje fortelje om sine opplevingar frå Utøya, men uttalte seg på vegne av gruppa som kom tilbake til Trondheim.

- Det som har skjedd på Utøya er fyrst og fremst ein tragedie. Det er vanskeleg å setje ord på det som har skjedd. Det er uverkeleg, og det er smertefullt, seier han.

Det som har skjedd på Utøya er fyrst og fremst ein tragedie. Det er uverkeleg, og det er smertefullt.

Stian Valla Taraldsvik, fylkessekretær AUF Sør-Trøndelag

No blir det viktig å halde i gong hjelpa til dei som treng det, seier ordførar Ottervik.

- Dette er ungdomar som står opp for idear som openheit og demokrati. Det viktigaste blir då å ta vare på dei ideala, og at toleranse, fellesskap og demokrati blir hovudfokuset for oss alle saman, seier ho.

Video AUF-erne kommet hjem til Sør-Trøndelag

Overlevende AUF-ere kommer hjem til Sør-Trøndelag