- Frp vil ha kultur for eliten

Snorre Valen (SV) meiner Frp tek kulturen bort frå folk flest.

Folkemøte om kultur

Panelet under folkemøtet.

Foto: Erik Skarrud / NRK

- Eg hugsar då eit profesjonelt orkester besøkte skulen min og framførte Petter og ulven. Det kan vi aldri få til med Framstegspartiet sin politikk.

Det sa Snorre Valen (SV) på dagens folkemøte Trøndelag Teater i Trondheim.

- Folk blir fråtatt valfriheita

Valen gjekk til åtak på Frp si haldning til valfriheit. Han seier Frp fråtek folk flest moglegheita til oppsøkje den kulturen dei vil. Han meiner at å fjerne støtte til kulturen vil gjere mykje kultur utilgjengelig for dei fleste fordi det vil koste for mykje. Det kan kome til å skade rekrutteringa til kulturen, fordi smal kultur også er med på å rekruttere kunstnarar og musikarar, i følgje Valen.

- Er det ein ting eg vil beskrive Framstegspartiet sin kulturpolitikk som, så er det elitistisk, seier Valen.

Det møtte lite forståing frå andre kandidat for Framstegspartiet i Sør-Trøndelag Tord Lien.

Føler seg åleine kulturpolitikken

- Vi i Frp har stått åleine om dette lenge no. Olavsfestdagene er eit eksempel på eit flott arrangement som mange er interessert i. Men det betyr ikkje at vi treng å gi ein kunstnar i Nord-Noreg 80.000- 100.000 kroner til ein kunstnar som vil sleppe eit kunstverk på havbotnen, seier Lien.

- Dei gjer eit val på vegne av alle på kva vi skal oppsøke. Vi ender opp med at berre dei rikaste kan sjå ein opera eller eit skodespel som kanskje ikkje alle andre vil sjå. Det er elitistisk og nedsetjande å bestemme at folk flest ikkje er interessert i ting som ikkje er kommersielt, seier Valen.

Sjå heile folkemøtet her

Video fra Trøndelag

Åpen dag hos RBK på Lerkendal
Nå åpner over fire mil med nye skuterløyper i Tydal. Kommunen er den første som åpner løyper for rekreasjonskjøring i Sør-Trøndelag.
Arnt Helge Volden gjorde et oppsiktsvekkende funn da han gikk seg på et hvalbein i Agdenes. som trolig er mellom 8000-12000 år gammel i Agdenes