Hopp til innhold

- Frp raserer kulturskulen

Kulturminister Trond Giske meiner Framstegspartiets politikk vil rasere kulturskulen.

Trond Giske
Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

- Eg er ganske rysta, for eg meiner kuturskulen skal vere ein bidragsytar som hjelper dei frivillige organisasjonane og det frivillige kulturlivet, seier Trond Giske til NRK Trøndelag. 

Kulturministeren er sjokkert over det han kallar eit forsøk på å øydelegge berebjelken i folkekulturen. 

Støtte frå kulturskulerådet

Direktøren i Norsk kulturskuleråd, Harry Rishaug, er samd og føler at Framstegspartiet ikkje berre sviktar kulturskulen, men også dei frivillige kulturorganisasjonane.

- Eg trur ikkje dei ønskjer seg meir dugnad, men heller ei hjelpande hand.

Fryktar høgare pris

Trondheim har i dag eit av dei billigaste kulturskuletilboda i landet, med ei årsavgift på 1 600 kroner.

No fryktar Rishaug at prisen vil stige og at det igjen vil føre til eit sosialt skille.

- Det vil vere ganske dramatisk og føre til at det som i dag har god støtte frå det offentlege, vil kanskje bli noko eksklusivt og berre for dei som har råd i framtida, seier Rishaug.