NRK Meny
Normal

- Framskynd bruplanane

– Ny Sluppen bru må byggjast før 2015. Det seier Yngve Brox (H), som håper formannskapet kan framskynde byggjeplanane.

Sluppen bru stengt

STENGT PÅ UBESTEMT TID: Sluppen bru vart stengt tysdag. Ein av berebjelkane har losna.

Foto: Henrik Sundgård

Yngve Brox er gruppleder for Høyre i Trondheim.

VIL HA FORTGANG: - Brua må kome så fort som råd, seier Yngve Brox (H).

Foto: Høyre. / NRK
Geir Waage

EINIG: - Formalitetane må vere i orden, seier Geir Waage (Ap).

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Tysdag vart brua stengt på ubestemt tid . I Miljøpakken ligg det planar om å byggje ny bru, men den skal ikkje stå ferdig før 2015.

– Eg håper det er mogleg å få opp tempoet på planlegginga, seier Yngve Brox.

Vil få med formannskapet

Neste veke vil han få formannskapet i Trondheim kommune til å sjå på moglegheitene ved å få opp farta på arbeidet.

– Me må få sett i stand den øydelagde brua så fort som råd, og få nybrua på plass så raskt det er mogleg, seier han.

Men når planen er at brua kan stå ferdig i 2015, er det ikkje den politiske vilja det står på. For også Arbeidarpartiet ynskjer å få dette på plass så fort som råd.

- Den politiske viljen er der

– Politisk vilje er der, og finansieringa er på plass. Alle ser at det er eit sterkt behov for ny bru, seier Geir Waage (Ap). Han fortel likevel at dei må vente på at planprosessen får gå sin gang.

Sluppen bru er avhengig av vegane på begge sider. Ny bru ligg inne i Miljøpakken, og vart eit av prosjekta som vart vedteke i 2009 . I mars 2009 fekk prosjektet politisk fleirtal i Trondheim , og i juni same året godkjente regjeringa planane .

Strekninga Sluppen-Stavne skal rustast opp, og i tillegg skal tilkomsten frå Sluppen bru til E6 regulerast inn i planane.

– Det er mange formalitetar me må følge, seier Waage. Han er i prinsippet einig med Brox om at brua må fort på plass, men er usikker på om det kan skje før 2015.

Men Høgre-politikaren håper å få med seg formannskapet. For når brua blir stengt på ubestemt tid står det dårleg til.

– Brua er for gamal, og ikkje dimensjonert for den trafikken som går der, seier Brox.

- Brua er sliten

- Den nye brua burde vore ferdig, seier Kim Andre Johansen. Han er ein av dei som dagleg bruker Sluppen bru til og frå jobb.

Han bur på Halset, og seier han har merka at brua verkar sliten.

- Det er lenge sidan det vart asfaltert, og det er hol i brua, fortel han. I tillegg rister brua når bussar og lastebilar møtast på den.

- Det er vilt at dei ikkje undersøkjer brua oftare. Bussar og lastebilar er stadig borti rekkverket, sidan det ikkje er plass til at dei møtast på brua, seier han.

Video fra Trøndelag

På samenes festdag må den fineste stasen på. Ella (6) og lillebror Jovna gjør seg klar for feiring.
Et rådyr forvillet seg inn på flyplassen på Røros og måtte reddes ut av ansatte på lufthavna.
Marius Helmersen jobber som automatør ved Sykehuset Levanger. På fritiden bruker han all ferie og en halv million av egen lomme for å kjøre motorsykkel i ørkenen.