NRK Meny
Normal

- Fjern skuledebattane

Debattane på dei vidaregåande skulane er så fordummande at dei bør bli avvikla. Det meiner Senterpartiet sin ordførarkandidat i Trondheim, etter å ha delteke i sin første skuledebatt.

Tone Sofie Aglen

Tone Sofie Aglen (Sp) er alt anna enn imponert over nivået på skuledebattane. Ho skjønar førstegongsveljarar som ikkje stemmer, etter at skuledebattane har sett standaren.

Foto: Tor Berre / NRK

Tone Sofie Aglen, ordførarkandidat for Sp er skremt etter sin første skuledebatt:

- Eg vart faktisk veldig skremt. Greier vi ikkje å tilby ungdom noko bedre, bør skuledebattane rett og slett avviklast.

 

- Fordummande

Grunnen til at Aglen vil gå så drastisk til verks mot skuledebattane er at ho meiner dei gjer alt anna enn å opplyse unge veljarar:

- Desse debattane er fordummande, og gjev eit feil bilde til unge om kva politikk faktisk er. Politikk for folk flest dreier seg om å finne gode løysingar. I skuledebattane dreier det seg om å vere mest muleg morsom, og mest muleg ondskapsfull mot kvarandre.

- Færre vil stemme

Det har vore tradisjon for politikarar å stille opp i skuledebattar. Etter debattane er det val, der ungdommar utan stemmerett får sei si politiske meining. Aglen meiner dette har gode intensjonar, men slik debattane er i dag meiner ho færre unge vil stemme:

- Eg ser at to av tre som skal stemme for første gong, gidd ikkje å stemme. Når det her er den demokratiskuleringa vi tilbyr unge så sei eg ingen ting på det. Eg er faktisk skremt med tanke på framtida, om vi ikkje greier å finne ein meir sakleg måte å formidle politikk til ungdom.

 

 

Video fra Trøndelag

Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.
Cirka 8000 deltok i årets Pride-parade i Trondheim